Rachel Ruysch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rachel Ruysch

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 3. juni 1664
Haag
Død

12. august 1750 (86 år)
Amsterdam

Yrke botanisk illustratør, kunstmålar, teiknar
Sjanger stilleben, blomstermåleri
Medlem av Confrérie Pictura
Far Frederik Ruysch
Ektefelle Jurriaen Pool
Rachel Ruysch på Commons

Rachel Ruysch (3. juni 166412. august 1750) var ein nederlandsk målar av stilleben og blomsterstykke. Ho var ein av dei aller fremste blomstermålarane, som i verka sine kombinerte eleganse i rokokkostil med presis naturgjengjeving.

Stilen hennar påverka blomstermålarar i fleire generasjonar, også utanfor Nederlanda. Ruysch var ein av tre kvinnelege målarar i Nederlanda på 1600- og 1700-talet som nådde eit høgt nivå på verka sine.

Blomestilleben med fivreld på ein steinbenk, ca. 1700
Stilleben med blomebukett og plommer

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rachel Ruysch var fødd i Haag og var dotter til Frederick Ruysch. Han var ein respektert professor i anatomi og botanikk i Amsterdam frå 1667. Sin fyrste kunnskap om botanikk og måling fekk ho av faren. 15 år gammal byrja i lære hos blomemålaren Willem van Aelst i Delft. Fyrste tida måla ho blomar og frukt, og dessutan reptilar og insekt.

Ruysch gifta seg med portrettmålaren Juriaen Pool i 1695, og vart mor til ti barn. Som fyrste kvinna vart ho i 1701, saman med ektemannen, medlem av målarlauget i Haag. Tida 1708-16 var ho hoffmålar hos kurfyrst Johann Wilhelm i Pfalz og aktiv i Düsseldorf.

I dag finst kring 100 verk etter Ruysch. Måleria er prega av ein mørk palett, til liks med hennar nære forgjengarar. Grunna populariteten og den store kunstnariske kvaliteten oppnådde ho eksepsjonelt høge prisar for måleria ho laga. Ho måla svært nøyaktig og grundig. Trass stor etterspurnad arbeidde ho lenge med bileta sine då ho stilte høge krav til kvalitet. Ho var aktiv målar i meir enn 65 år, det tidlegaste daterte biletet er frå 1681, det siste frå 1747.

Ruysch døydde i Amsterdam, 86 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rachel Ruysch