Racken

Koordinatar: 59°42′30″N 12°39′0″E / 59.70833°N 12.65000°E / 59.70833; 12.65000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innsjøen Racken

Racken er ein innsjø som ligg i Arvika kommun 5 kilometer nordaust for Arvika sentrum.

Vatnet i Racken kjem frå Viksälven. Racken dekker 6 kvadratkilometer, har maksimal djupne på 52 meter og middeldjupne på 28 meter. Høgda over havet er 94,7 m. Det blir brukt som drikkvasskjelde for Arvika.

Racken er best kjent som innsjøen der kunstarane i Rackengruppa virka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°42′30″N 12°39′0″E / 59.70833°N 12.65000°E / 59.70833; 12.65000