Radøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radøy
Alversund bru, mellom Radøy og Lindåshalvøya
Alversund bru, mellom Radøy og Lindåshalvøya
Geografi
Norway - Radøy.png
Stad Nordhordland
Koordinatar 60°41′26″N 04°59′50″EKoordinatar: 60°41′26″N 04°59′50″E
Høgaste punkt Morkefjellet (217 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Manger (1 055 innb.)

Radøy er ei øy i Nordhordland. Øya utgjer størstedelen av Radøy kommune, men sørenden av øya ligg i Lindås kommune. Radøy er omgitt av fastlandet og andre øyar på alle kantar. Ho er skilt frå fastlandet på Lindåshalvøya i aust av eit langt og til dels svært smalt sund. I nord skil Hoplandsosen Radøy frå Fosnøy i Austrheim. I vest skil Mangerfjorden og Radfjorden øya frå Holsnøy i Meland. Fylkesveg 565 går over øya frå nord til sør med brusamband til Lindåshalvøya i sør og til Fosnøy i nord. Manger er den største tettstaden på øya. Andre tettstader med over 200 innbyggjarar er Haugland og Austmarka.