Radfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Radfjorden er ein om lag 9 km lang fjord i Hordaland. Fjorden går på austsida av Holsnøy i Meland kommune og på vestsida av Radøy. Fjorden strekkjer seg i nordvest-søraust retning og er med eit djup på vel 210 meter ein god plass for reketråling. Fjorden er rik på fisk, frå Tjuvholmen i sør, til populære Bognestraumen og Landsviksosen på kvar side av øya Bongno i nord der Mangerfjorden held fram vidare til Hjeltefjorden på andre sida. Det blir òg teke rikeleg med kreps og krabbe i fjorden av lokale fritidsfiskarar. I søraust grenser han til den vesle Kvernafjorden på nordsida av Flatøy.

I Radfjorden er det tre større oppdrettsanlegg: Stolane, Sæbøholmane og Gjeltskjerneset i sør. Ved oppdrettsanlegga er det gode fiskeforhold for stor sei, som lokale fiskarar nyttar som agn i krabbeteinene.

Dei gamle kaiane i fjorden er på Holsnøysida: Revsgard kai, Gaustad og Furuskjegget kai. På Radøysida finn ein Sæbøkaien og Vetåskaien. Desse kaiane er kommunale og tilgjengeleg for offentleg bruk. Kaiane er i dag prega av forfall og fleire bygder har tatt initiativ til å bevare denne delen av den rike kystkulturen gjennom gjenoppbygging og restaurering.

Den totale lengda til fjordsystemet Mangerfjorden/Radfjorden/Kvernafjorden er 21 km.