Radikale Venstre
Radikale Venstre | |||
![]() | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Svend Thorhauge | ||
Grunnlagt | 21. mai 1905 | ||
Hovudkvarter | Christiansborg | ||
Medlemstal | 7 491 (2020)[1] | ||
Ideologi | Sosialliberalisme, radikal sentrum, proeuropeisk ![]() | ||
Politisk posisjon | sentrisme, sentrum-venstre |
Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark. Radikale Venstre er med i Den liberale internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Margrethe Vestager. Ved det siste folketingsvalet, i 2011, fekk partiet 9,5 % av røystene og 17 plassar i Folketinget (av 179), og vart dermed fjerde størst. Dette var det beste valresultatet for partiet sidan 1973.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Før folketingsvalet i 2005 markerte Radikale Venstre seg i valkampen mellom anna med sterk motstand mot det som det såg som den framandfiendtlege politikken til den sitjande Venstreregjeringa til Anders Fogh Rasmussen. Det gjekk mellom anna sterkt imot restriksjonane på familiegjenforening med utanlandske ektefellar som regjeringa har innført.
I 2006 vedtok partiet ein framtidsstrategi som det kalla «En anden vej». Der ville partiet framstå som eit reelt alternativ, uavhengig av både den høgreorienterte regjeringa til Fogh Rasmussen og Sosialdemokratane. Partiet avviste samarbeid med Fogh Rasmussen, og ville køyra fram Marianne Jelved som sin statsministerkandidat ved neste folketingsval.[1] Arkivert 2007-02-04 ved Wayback Machine. Denne strategien førte ikkje til suksess.
Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Valresultat for Radikale Venstre
[endre | endre wikiteksten]Val til Folketinget 1960-2007
|
Partileiarar
[endre | endre wikiteksten]- Jørgen Hald, 1905-1914
- Kr. Tovborg Jensen, 1914-1920
- Anders Larsen, 1920-1921
- Ole Troelsen, 1921-1922
- Erik Scavenius, 1922-1924
- N.P. Andreasen, 1924-1929
- Martin Sørensen, 1929-1936
- N.C. Andersen, 1936-1937
- Hans Jeppesen, 1937-1960
- Helge Pedersen, 1960-1964
- Søren Bjerregaard, 1964-1971
- Asger Baunsbak-Jensen, 1971-1974
- Gunnar Skov Andersen, 1974-1976
- K. Helveg Petersen, 1976-1978
- Thorkild Møller, 1978-1993
- Margrethe Vestager, 1993-1997
- Johannes Lebech, 1997-2000
- Lone Loklindt, 2000-2001 (fungerande)
- Søren Bald, 2001-
Statsministrar frå Radikale Venstre
[endre | endre wikiteksten]- Carl Theodor Zahle, 1909-1910 og 1913-1920
- Erik Scavenius, 1942-1943
- Hilmar Baunsgaard, 1968-1971