Radikalt bokmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Radikalt bokmål er ei nemning på den eine tradisjonen innan bokmålet, som står nær nynorsk og den dialektbaserte språktradisjonen i Noreg. Motsetninga til radikalt bokmål vert omtala som moderat bokmål, og står nær den danske språktradisjonen i Noreg. Radikale former vart innførte som valfrie former i 1917-rettskrivinga og mange radikale former vart obligatoriske i 1938. Radikalt bokmål møtte sterk og organisert motstand, særleg på 1950-talet, og har sidan slutten av 1950-talet vore på vikande front. Særleg reformene i bokmål i 1981 og 2005 fjerna mange radikale former og opna for fleire riksmålsformer.