Radio Ga Ga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Radio Ga-Ga)
Hopp til navigering Hopp til søk
Radio Ga Ga
Singel av Queen
frå albumet The Works
B-side «I Go Crazy»
Utgjeve
  • 23. januar 1984 (UK)
  • 7. februar 1984 (US)
Innspelt August – oktober 1983
Sjanger
Lengd
  • 5:44 (album/video)
  • 4:23 (US radioversjon)
  • 6:53 (12"-versjon)
  • 6:01 (12" instrumentalversjon)
Selskap
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent
Queen-kronologi
«Back Chat»

(1982)

Radio Ga Ga «I Want to Break Free»

(1984)


«Radio Ga Ga» er ein song frå 1984 framført av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Han vart gjeven ut som singel med «I Go Crazy» av Brian May som den originale B-sida (3:42) og på albumet The Works. Songen er òg med på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[3]

Singelen vart ein verdsomfattande suksess for bandet, og nådde toppen av singellistene i 19 land. På UK Singles Chart i Storbritannia nådde han andreplassen, og på Billboard Hot 100 i USA nådde han 16. plassen.[4][5] Bandet spelte songen på alle konsertane sine etter 1984 fram til den siste konserten med Freddie Mercury i 1986, mellom anna på Live Aid i 1985.[6][7][8][9]

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i 1983 og gjeven ut i januar 1984. Han kommenterte korleis fjernsyn vart meir populært enn radio og korleis ein kunne lytte til radio i tidlegare tider for ein favorittkomedie, drama eller vitskapleg program. Han omhandla òg det nye musikkvideoformatet og MTV, som no konkurrerte med radio som eit viktig medium for å marknadsføre plater. Ironisk nok hadde Queen gjort mykje for å popularisere musikkvideoen med «Bohemian Rhapsody» i 1975 og videoen til «Radio Ga Ga» vart fast på MTV i 1984. Han vart nominert til MTV Video Music Award det året.[10] Roger Taylor sa:

« Det er faktisk dels det songen handlar om. Det at musikkvideoane verkar å ta over for den lydmessige sida. Den visuelle sida verkar å vere nesten viktigare.[11] »

Taylor skreiv opphavleg songen som «Radio caca» (frå noko barnet hans sa),[12] og fungerte både som ein kritikk av radio fordi dei spelte mindre variert musikk og hadde mindre varierte program enn før.[4] På ein av dei originale kassetane med «Radio Ga Ga» stod han oppført som «Radio Ca Ca».[13]

Songen referer til to viktige radiohendingar på 1900-talet. Orson Welles-sendinga i 1938 av H.G. Wells sin The War of the Worlds med teksten «through wars of worlds/invaded by Mars» og talen til Winston Churchill frå 18. juni 1940, «This was their finest hour», frå House of Commons, med teksten «You've yet to have your finest hour».[14]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Inspirasjonen for songen kom då Roger Taylor høyrte den tre år gamle sonen sei «radio ca-ca» medan han lytta til ein dårleg song på radio under eit opphald i Los Angeles. Taylor byrja så å skrive songen, og låste seg inne på eit rom med ein Roland Jupiter-8 og ein trommemaskin. Han tykte songen ville passe på soloalbumet hans, men då bandet høyrte songen, skreiv John Deacon ei basslinje og Freddie Mercury rekonstruerte songen, og meinte at han ville bli ein stor hit. Taylor drog så på skiferie og let Mercury polere teksten, harmonivokalen og arrangementet til songen. Innspelinga byrja i Record Plant Studios i lag med den kanadiske studiomusikaren [Fred Mandel]] på klaverinstrument, som seinare arbeidde med Supertramp og Elton John. Mandel programmerte synth-bass-partiet i songen. På innspelinga vert det nytta ein Roland VP330+ vocoder. Basslinja vart produsert av ein Roland Jupiter-8, ved hjelp av ein innebygd arpeggiator.[15]

Video[endre | endre wikiteksten]

David Mallet regisserte musikkvideoen til songen med scenar frå den tyske ekspresjonistiske science fiction-filmen Metropolis av Fritz Lang frå 1927 [16] og ovart filma i Carlton TV Studios og Shepperton Studios i London i november 1983. I videoen kan ein sjå bandet sitje i ein bil som flyg over byen i filmen og seinare framfører songen føre arbeidarklassen i byen. Freddie Mercury sin solosong «Love Kills» vart nytta i Giorgio Moroder sin restaurerte versjon av filmen, og i byte fekk Queen løyve til å bruke klipp av filmen i videoen til «Radio Ga Ga». Queen måtte likevel kjøpe rettane til å bruke klipp frå filmen frå den kommunistiske austtyske regjeringa, som hadde opphavsretten til filmen på den tida.[17] I slutten av musikkvideoen kan ein sjå teksten «Thanks To Metropolis».

Videoen inneheld òg klipp av tidlegare Queen-videoar som «Bohemian Rhapsody», «We Are the Champions», «Don't Stop Me Now» og «Flash» i eit fotoalbum.[16]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Queen avslutta setta sine før ekstranummera på The Works-turneen med «Radio Ga Ga». Konsertversjonar frå 1984-1985-turneen vart spelte inn og filma på konsertfilmane Rock in Rio 1985 og Final Live in Japan 1985.[18]

«Eg hugsa eg tenkte 'åh flott, dei har fått det med seg'
og så tenkte eg at 'dette er ikkje eit Queen-publikum'.
Det er eit generelt publikum som har kjøpt bilettar
før dei visste at me skulle spele. Og dei var med alle saman.
Korleis visste dei det? Ingen sa til dei kva dei skulle gjere.»

Brian May om publikum som deltok i klappinga
til «Radio Ga Ga» under Live Aid.[19]

Queen spelte ein kortare, livleg versjon av «Radio Ga Ga» under Live Aid i juli 1985 på Wembley Stadium, der Queen «stal showet» føre eit folkehav på 72 000 menneske som alle var med å klappe på songen.[6][20] Det var den andre songen bandet spelte på Live Aid etter opninga med «Bohemian Rhapsody».[7][21] «Radio Ga Ga» vart ein konsertfavoritt, mellom anna på grunn av det store potensialet for å få publikum med seg i klappinga under refrenget (som i musikkvideoen).

Songen vart spelt på Magic-turneen eit år seinare, mellom anna to gonger til på Wembley Stadium. Han vart spele inn for konsertalbumet Live at Wembley '86 frå den andre konserten på Wembley.[9]

Paul Young framførte songen med Queen på the Freddie Mercury Tribute Concert, igjen på Wembley Stadium den 20. april 1992.[22]

Under «Party at the Palace», ein konsert som feira gulljubileet dronning Elizabeth II i 2002, opna «Radio Ga Ga» settet til Queen med Roger Taylor på vokal og Phil Collins på trommer.[23]

Songen vart framført på Queen + Paul Rodgers Tour i 2005–2006 og sungen av Roger Taylor og Paul Rodgers. Eit konsertopptak frå Hallam FM Arena i Sheffield den 5. mai 2005, vart gjeven ut på Return of the Champions i 2005.

Songen vart òg spelt på Rock the Cosmos-turneen seint i 2008, denne gongen med berre Rodgers på solovokal. Konsertalbumet Live in Ukraine kom ut etter denne turneen, men utan «Radio Ga Ga». Denne framføringa av «Radio Ga Ga» finst berre som digital nedlasting frå iTunes. Songen vart igjen spelt på Queen + Adam Lambert-turneen med Adam Lambert på solovokal.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[24] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[25] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[26] 1
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[27] 1
Canada (CHUM)[28] 3
Canada Top Singles (RPM)[29] 11
Europa (Eurochart Hot 100)[30] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[31] 1
France (IFOP)[32] 28
Tyskland (Media Control AG)[33] 2
Irland (IRMA)[34] 1
Italia (FIMI)[35] 2
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[36] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[37] 2
New Zealand (RIANZ)[38] 4
Noreg (VG-lista)[39] 2
Polen (LP3)[40] 1
Sør-Afrika (Springbok Radio)[41] 4
Spania (AFYVE)[42] 6
Sverige (Sverigetopplistan)[43] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[44] 3
UK Singles (Official Charts Company)[45] 2
US Billboard Hot 100[46] 16
US Cash Box[47] 14

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[48] 32
Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40)[49] 22
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[50] 34
Canada (RPM Top 100 Singles)[51] 78
Italia (FIMI)[35] 12
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[52] 32
Nederland (Single Top 100)[53] 23
Polen (LP3)[54] 24
Sveits (Schweizer Hitparade)[55] 25
USA Cash Box[56] 100

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske popsongaren Lady Gaga har teke scenenamnet sitt etter denne songen.[58][59] Ho sa: «Eg beundra Freddie Mercury og Queen hadde ein hit kalla 'Radio Gaga'. Det er derfor eg elskar det namnet.»[60]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Furniss, Matters (2012). Queen – Uncensored On the Record. Coda Books Ltd. s. 71. ISBN 978-1-9085-3884-0. 
  2. Stereo Review 49. CBS Publications. 1984. s. 76. Radio Gaga (the single), a skillful merger of contemporary synth-pop and old-time Brill Building panache 
  3. «Classic Queen by Queen». MTV. Viacom. Henta 20. juli 2016. 
  4. 4,0 4,1 Lazell, Barry (1989). Rock movers & shakers. Billboard Publications, Inc. s. 404. ISBN 978-0-8230-7608-6. 
  5. «Queen Biography for 1984». QueenZone.com. Henta 20. juli 2016. 
  6. 6,0 6,1 «Queen win greatest live gig poll». BBC News Online. 9. november 2005. Henta 20. juli 2016. 
  7. 7,0 7,1 Stanford, Peter (219. mai 2016). «Queen: their finest moment at Live Aid». The Daily Telegraph. Henta 20. juli 2016. 
  8. «Queen live on tour: The Works 1985». Queen Concerts. Henta 20. juli 2016. 
  9. 9,0 9,1 «Queen live on tour: Magic tour». Queen Concerts. Henta 20. juli 2016. 
  10. «Rock On The Net: 1984 MTV Video Music Awards». Rock On The Net. Henta 20. juli 2016. 
  11. «Roger Taylor & John Deacon – 1984 Breakfast Time Interview». YouTube. Henta 4. juni 2016. 
  12. Roger Taylor snakkar om songen i ein dokumentar, Queen – Days of Our Lives
  13. Freestone, Peter (2001). Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best. Omnibus Press. s. 80. 
  14. Avery, Todd (2006). Radio Modernism: Literature, Ethics, and the BBC 1922-1938. Ashgate Publishing. s. 137. ISBN 978-0-7546-5517-6. 
  15. «Instruments on Queen and solo tours». Queen Concerts. Henta 20. juli 2016. 
  16. 16,0 16,1 «Queen Promo Videos». Ultimatequeen.co.uk. Henta 20. juli 2016. 
  17. Brooks, Greg; Taylor, Gary. «The Works – Album Details». Queenonline.com. Henta 20. juli 2016. 
  18. Purvis, Georg (2007). Queen: Complete Works. Reynolds & Hearn. s. 321. ISBN 978-1-90528-733-8. 
  19. Thomas, David (August 1999). «Their Britannic Majesties Request». Mojo Magazine (69): 87. ISSN 1351-0193. 
  20. Ryan Minchin, dir. (2005). «Queen Voted Best Gig-Live Aid». YouTube. Henta 20. juli 2016. 
  21. «Queen live on tour: Festivals, parties, TV». Queen Concerts. Henta 20. juli 2016. 
  22. «The Freddie Mercury Tribute Concert». Ultimatequeen.co.uk. Henta 20. juli 2016. 
  23. «Queen Miscellaneous Live Song Lyrics». Ultimatequeen.co.uk. Henta 20. juli 2016. 
  24. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6. 
  25. "Queen – Radio Ga Ga – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 20. juli 2016.
  26. "Ultratop.be – Queen – Radio Ga Ga" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 20. juli 2016.
  27. «Radio 2 Top 30 : 10 maart 1984» (på nederlandsk). Top 30. Henta 11. juni 2016. 
  28. CHART NUMBER 1420 – Saturday, March 24, 1984Wayback Machine (arkivert 12. februar 2006).. CHUM. Henta 20. januar 2014.
  29. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 25. juli 2016.
  30. MusicSeek.info – UK, Eurochart, Billboard & Cashbox No.1 HitsWayback Machine (arkivert 14. juni 2006).. MusicSeek.info. Henta 20. juli 2016.
  31. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  32. «InfoDisc : Tous les Titres par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Queen» from the artist drop-down menu. Henta 25. juli 2016. 
  33. "Queen - Radio Ga Ga". Charts.de. Media Control. Henta 20. juli 2016.
  34. "The Irish Charts – Search Results – Radio Ga Ga". Irish Singles Chart. Retrieved 20. juli 2016.
  35. 35,0 35,1 «I singoli più venduti del 1984» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 20. juli 2016. 
  36. "Nederlandse Top 40 – Queen - Radio Ga Ga search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 20. juli 2016.
  37. "Dutchcharts.nl – Queen – Radio Ga Ga" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 20. juli 2016.
  38. "Charts.org.nz – Queen – Radio Ga Ga". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 20. juli 2016.
  39. "Norwegiancharts.com – Queen – Radio Ga Ga". VG-lista. Hung Medien. Henta 20. juli 2016.
  40. «RADIO GA-GA – Queen» (på polsk). LP3. Henta 20. juli 2016. 
  41. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (Q)». Rock.co.za. Henta 20. juli 2016. 
  42. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  43. "Swedishcharts.com – Queen – Radio Ga Ga". Topp 60. Hung Medien. Henta 20. juli 2016.
  44. "Queen – Radio Ga Ga – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 20. juli 2016.
  45. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 20. juli 2016.
  46. «Queen - Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 25. juli 2016. 
  47. CASH BOX Top 100 Singles – Week ending APRIL 14, 1984Wayback Machine (arkivert 1. oktober 2012).. Cash Box magazine. Henta 20. januar 2014.
  48. «Forum - ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 20. januar 2014. 
  49. «Jahreshitparade 1984» (på tysk). Austerriken-charts.com. Hung Medien. Henta 20. januar 2014. 
  50. «Jaaroverzichten 1984» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 20. januar 2014. 
  51. «Top Singles – Volume 41, No. 17, January 05 1985». RPM. Library and Archives Canada. Henta 20. januar 2014. 
  52. «Top 100-Jaaroverzicht van 1984» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 20. januar 2014. 
  53. «Jaaroverzichten – Single 1984» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 20. januar 2014. 
  54. «Podsumowanie Roku 1984» (på polsk). LP3. Henta 20. januar 2014. 
  55. «Schweizer Jahreshitparade 1984» (på tysk). Hitparade.ch. Hung Medien. Henta 20. januar 2014. 
  56. The CASH BOX Year-End Charts: 1984Wayback Machine (arkivert 30. september 2012).. Cash Box magazine. Henta 20. januar 2014.
  57. «Elaine Paige – The Queen Album». AllMusic. All Media Network. Henta 13. juni 2016. 
  58. Martin, Gavin (8. januar 2009). «Lady GaGa the new Princess of Pop». Daily Mirror. Henta 16. mars 2009. 
  59. Rose, Lisa (21. januar 2010). «Lady Gaga's outrageous persona born in Parsippany, New Jersey». NJ.com. Henta 23. januar 2010. 
  60. Dingwall, John (27. november 2009). «The Fear Factor; Lady Gaga used tough times as inspiration for her new album». Daily Record. s. 48–49. Henta 18. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]