Radio Studio 54 Network

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Radio Studio 54 Network.

Radio Studio 54 Network er ein lokalradiostasjon for Locri i Calabria i Italia. Kanalen sender på FM-nettet og tilbyr òg radio på internett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Radiokanalen vart grunnlagd 6. juni 1985 av Pietro Parretta og Francesco Massara, med hjelp av Enzo Gatto, Memmo Minniti og Pietro Musmeci. I starten hadde kanalen namnet Radio DJ Club Studio 54. Han vart starta opp meir eller mindre som ein leik, i tillegg til at ingen tente pengar frå drifta av radiostasjonen. Då Mammì-loven tredde til kraft i Italia, vart det grunnlagt eit selskap ut or denne leiken.

I 1991 var radiostasjonen den fyrste italienske radiostasjonen som brukte Radio Data System. I 1994 gjekk radiostasjonen over til digitale sendingar, sidan kvaliteten til digitale sendingar var betre enn tilsvarande analoge sendingar. Radio Studio 54 Network var den fyrste radiostasjonen i Calabria som gjorde dette.

Sidan 1995 har radiostasjonen kunne senda radiosendingane sine utanfor dei historiske grensene til Reggio Calabria, noko som utvida kundebasen i Calabria og naboregionane. I 1998 endra radiostasjonen namn til Studio 54 Network.

I 2000 byrja radioen bygginga av det mobile studioet Stargate. Dette studioet skulle markera byrjinga på korleis radiostasjonen skulle senda sendingane sine. Dei laga planar om å senda sendingar frå bysentrum, i midten av store folkemengder.[1] Studio 54 LiveTour er ei utandørstilstelling som vart starta opp i 2000. Tilstellinga er eit reisande show som varar ein heil dag, med gjester, musikk, spel, disco og anna underhaldning. Ho vert òg strøymd over internett.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Dalla Diretta Radiofonica Su Studio 54 Network A Gli Incontri Per Vivere Il Festival In Maniera». Milanodabere.it. Arkivert frå originalen 2016-03-28. Henta 13. oktober 2016. 
  2. «Studio54 LiveTour 2004 - TAURIANOVA - Venerdi 10 settembre 2004». www.studio54network.it. Henta 14. oktober 2016. 
  3. partyguide.it (4 April 2007). "Dove atterra lo Stargate?" (interview with Radio Studio 54 Network DJ, Francesco D'Augello) Retrieved 25 May 2012 (italiensk).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]