Radiofrekvensidentifisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Radiofrekvensidentifisering (engelsk: radio frequency identification, RFID) er ein metode for å lagre og hente data ved hjelp av små einingar kalla RFID-brikker. Ei RFID-brikke er ei lita brikke som kan festast til eller byggast inn i et produkt, eit dyr eller ein person. RFID-brikker innheld antenne som gjer dei i stand til å motta og svara på radiofrekvenssignaler fra ein RFID-sender. Passive brikker svarar med eit svakt radiosignal og treng ingen straumkjelde, medan aktive brikker sender eit kraftigare svarsignal over litt større avstand og treng ei straumkjelde.

Kjende bruksområde for RFID er sporing, logistikk, klde, pass, billettering, elektronisk betaling, konteiner-terminaler, varesikring / tjueriialarm, evakueringssystem, adgangskontroll-systemer og dyreidentifisering.

Historie og nokre aktørar[endre | endre wikiteksten]

RFID-port

FoU i Nortura[endre | endre wikiteksten]

Innan dagligvarehandelen har fleire norske bedrifter, mellom anna ein av Noregs fyrste RFID-merka lastebærarar med permanent innstøypt RFID teknologi sidan 2008. Nortura sitt forsknings- og utviklingsarbeid er i dag å finna i selskapet HRAFN (rådgjevar og utdanningstenestar).

Norsk Lastbærarpool[endre | endre wikiteksten]

Norsk Lastbærarpool (NLP) er dagligvarebransjen i Noreg sitt felles drifts- og eigarselskap for lastbærarane i denne bransjen. Framleis har dei eigarskap over trepallar og plastpaller. Alle plastlastbærarar frå NLP er RFID-merka og inneheld ei unik GRAI-kode. Norsk Lastbærarpool gjennomfører 2015 Noregs største prosjekt med langdistanse passiv RFID-teknologi. NLP har her engasjert HRAFN og Lexit for å levera infrastruktur for dagligvarebransjen med funksjonalitet som mellom anna:

  • Varemottak[1]
  • Informasjonsdeling
  • Transparens i verdikjeda
  • Aukat datakvalitet.
  • Temperatursporing

EPCIS, en standardisert hendelseslogg, skal sikre deling av informasjon mellom aktørane i verdikjeda.

Her registrerast ein bunke klesplagg i kassa før betaling i Bogart-forretninga.[2]

Bogart - «Smart Store»[endre | endre wikiteksten]

Klesbutikken Bogart i Trondheim var den fyrste butikken i Noreg til å ta i bruk RFID-eknologi med langdistanselesbarheit. Bogart nyttar Norsk Lastbærerpool sin standardiserte RFID-Infrastruktur til å fylgja klede frå dei når butikken, via opptil fleire lagerlokasjoner, til plagget, gjerne saman med andre, seljast ved hjelp av RFID-brikka som er festa på henge-etiketten på tøyet. Kundar og tilsette i butikken har òg høve til å sjå informasjon om plagget ved å vifte det attmed ein informasjonskiosk som står i butikklokalet.

Parkering med RFID[endre | endre wikiteksten]

Parkeringsløysinga Vizum, etablert av Olav Thon Gruppen, nyttar òg RFID-teknologi. Ein RFID-brikke festast i frontruta på bilen, og gjev automatisk grønt lys eller åpen bom i parkeringsanlegg som har denne løysinga.[3] Brikka registrerer kor lenge ein parkerer, og betaling blir trekt automatisk frå bank- eller kredittkort.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Effektivt varemottak
  2. RFID Journal
  3. Nå kan du slippe p-lappen på Storsenteret (2015-12-13).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]