Radionavigasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radionavigasjon er å navigere etter radiosignal.

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

Tyskarane gjekk i 1914 inn i første verdskrigen med radiosendarar som genererte svingningar etter prinsippet til dansken Valdemar Poulsen. Dette var eit prinsipp som gav betre apparat enn gnistsendarane til engelskmennene. Tyskarane var med rette stolt av sine radioapparat.

På dei tyske krigsfartøya leika telegrafistane med morsenøklane sine, lengje om gongen, og hadde dei ikkje anna å kunngjera kvarandre om, så morsa dei saman om dei siste erobringane ved siste landlov. Dei visste ikkje om det nye løynde våpenet til engelskmennene, peilaren. Takka vera den stadige bruken til tyskarane av morsenøkkelen følgde engelskmennene den tyske flåten frå minutt til minutt, og dei slo til den 31. mai 1916 i Jyllandsbukta.

Radioen har sidan første verdskrigen spelt ei større og større rolle i navigasjon både til sjøs og i lufta. Peilaren har hatt ei enorm utbreiing og finst på alle større skip, og er òg vanleg på mindre fiskebåtar. I fly finst frå dei enklaste ADF-peilarane (Automatic Directional Finder) i småfly til betre og meir nøyaktige peilarar i dei store ruteflya.

Virkemåte[endre | endre wikiteksten]

For å få peilarinformasjon må peilaren innehalda følgjande tre hovudkomponentar:

  • antenneseksjon
  • mottakar
  • indikatoreining

Peilingen på fly skjer ved at piloten aktiviserer VHF-kommunikasjonsutstyret sitt i flyet slik at berebølgja til sendaren vert motteken av antenna ved bakkestasjonen som utfører peilinga. Avlesing av retninga på peilerindikatoren vert vanlegvis gjort i kontrolltårnet. Kontrolltårnet må informera flygeren om retninga viss han ynskjer dette.

Viss flygeren ber kontrolltårnet om ei «QDM-avlesing» så tyder QDM den magnetiske retninga frå flyet mot peilerantennen. QDR er den magnetiske retninga frå peilerantennen mot flyet.

I tillegg kan ein òg nemna radar, men dette er eigenleg kontrollhjelpemiddel for flygeleiaren.

Radionavigasjonssystem[endre | endre wikiteksten]

Frå krigsåra 1940 og til i dag er det satsa store summar på utvikling av ulike navigasjonssystem:

LORAN-A (Long Range Navigation) dei hyperbolske systema som vert nytta både til sjøs og i lufta. Frekvensen ligg i området 2 MHz, og systemet har ei rekkjevidd på ca. 700 nautiske mil om dagen. Om natta vert rekkjevidda auka til omkring det dobbelte.

LORAN-C er ei videreutvikling av Loran-prinsippet. Sendarfrekvensen er her ca. 100 KHz. Systemet har stor grannsemd og rekkjevidda er omkring 1500 nautiske mil både dag og natt.

DECCA er eit prinsipp som ligg svært nært opp til LORAN. Skilnaden er at medan LORAN-systemet mæler tidsforskjellen, mæler DECCA-systemet faseskilnaden. Sendarfrekvensen er i området 70 – 130 KHz, og rekkjevidda er ca. 400 nautiske mil. Grannsemda er særs stor om dagen, men om natta kan interfererande signal gjera at målefeila vert store. Mottakaren er automatisk, og indikatoren består av eit ur (decometer) med telleverk som angjev posisjonar.

CONSOL er (var) ein navigasjonsmetode som er basert på direktiv radiosending. Ein treng ingen spesiell radioutrustning for å ta i mot signalet, ein vanleg radiomottakar kan nyttast. Tyskarane nytta systemet under krigen (SONNE). Sendefrekvensen til ein CONCOL er i området 265 – 415 KHz, og vanleg sendareffekt ca. 2 KW. Rekkjevidda er ca. 1000 – 1500 nautiske mil. Grannsemda på retningsavgjerda er 0,2 – 1 grad. Natteffekten kan redusere grannsemda betrakteleg.

NDB (Non Directional Beacon) er eit rundstrålande radiofyr som vert nytta av fly og skip. Frekvensområdet for radiofyret er 250 – 415 KHz. Utstrålt effekt er ca. 100W. NDB gjev ingen informasjon om posisjon, men om retninga til stasjonen. Signala vert teke imot av ADF-mottakaren (Automatic Directional Finder) i fly eller skip.

VOR (VHF Omnidirectional Ranga) er eit radiofyr i VHF-bandet (Very High Frequency) som vert nytta av fly. VOR-en gjev retning til eller frå flyet, etter val i flyet, i tilhøve til magnetisk nord. Dette tyder at ein kan fly til/frå stasjonen etter valde radialar, som etter eit kompass. Frekvensområdet er 108 – 118 MHz, og utstrålt effekt er ca. 50 – 100 W. Grannsemda er ca. 5 gradar dag og natt. Ved bruk av VOR som nyttar seg av dopplerprinsippet vert grannsemda auka med ein faktor 5-10.

ILS (Instrument Landing System) er òg eit automatisk navigasjonsystem som vert nytta ved landing på ein flyplass. Systemet består av eit retningsfyr (Localizer – LLZ) som gjev retninga til senterlinja på rullebanen, ein glidebane (Glida Path – GP) gjev flyet informasjon om nedstigningsvinkelen slik at flyet landar innanfor terskelen til rullebanen. Systemet består òg av eitt til tre merkefyr (Marker) som strålar rett opp. Når flyet passerer desse merkefyra veit flygeren kor langt det er til banekanten. Merkefyra kan erstattast av DME. Frekvensområdet for LLZ er i området 108 – 112 MHz, GP i området 330 – 335 MHz og merkefyra har frekvensane 75 MHz.. Grannsemda er stor, ca. 0,5 gradar kursavvik.

VDF (Very high frequency Directional Finder) er den eigenlege peilaren på flyplassane våre. Dette er ei vidareutvikling av dei første LF-, MF- og HF-peilarane som var i bruk tidlegare. (LF = lågfrekvens, MF = mellomfrekvens, HF = høgfrekvens)

DME (Distance Measuring Equipment) er eit utstyr som angjev avstanden frå fly til DME-stasjonen. Frekvensområdet er 962 – 1213 MHz. Systemet har ein uteffekt på 1 Kwp (Peak power). Systemet kan operera 100 fly samstundes. Grannsemd er 0,1 – 0,3 NM (Nautiske Mil)

TACAN (TACtical Air Navigation) er kan generelt seiast å vera ein militær versjon av VOR/DME-systemet, og opererer i frekvensbandet 960-1215 MHz. Retningsinformasjonen i TACAN er meir nøyaktig enn standard VOR, sidan TACAN brukar eit to-frekvens prinsipp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]