Hopp til innhald

Radionette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radionette Kurér, produsert i kring 700 000 eksemplar.

Radionette var ein norsk radiofabrikk og radiovaremerke. Selskapet vart stifta av Jan Wessel, i 1927, som A/S Jan Wessels Radiofabrikk.

Firmaet var det fyrste i Noreg som starta produksjon av radioar for tilknyting til elnettet. Tidlegare radioapparat hadde nytta batteri, så Radionette sine apparata revolusjonerte radiomarknaden. Etterspurnaden var så stor at fabrikken måtte utvidast ikkje så lenge etter at produksjonen var komen i gang. Den mest populære modellen var Kurér, som i perioden 1950-1959 vart produsert i 700 000 eksemplarar.

I 1968 flytta fabrikken produksjonen frå Oslo til ein stor, ny produksjonshall i Sandvika i Bærum kommune.

Radionette fekk store økonomiske problem som vart freista løyste ved at fabrikken fusjonerte med Tandbergs Radiofabrikk i 1972. Korkje Radionette eller Tandberg ynskte å slå seg saman, men Jens Christian Hauge, som var styreformann i Radionette og styremedlem i Tandbergs Radiofabrikk frå 1972 til 1978, pressa gjennom fusjonen. Dette synte seg å vera ei dårleg løysing, for det tok ikkje lang tid før Tandberg òg råka ut i økonomiske problem, og i 1978 såg dei seg nøydde til å legga ned Radionette. Tandberg gjekk konkurs seinare det same året.

Produksjonshallen til Radionette i Sandvika er ombygd til butikklokale og vorte ein part av kjøpesenteret Sandvika Storsenter.

  • Dotterseselskap av Radionette: Radio Visjon A/S (produksjonsføretak)

Radiomodellar

[endre | endre wikiteksten]

=Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]