Radiostasjonen Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radiostasjonen Haga sende frå hovudhuset på Torholmen.

Haga var ein radiostasjon for Secret Intelligence Service (SIS) på Sunnmøre under andre verdskrigen.[1] Stasjonen var bemanna av Erling Rønneberg frå august 1944 til månadskiftet januar/februar 1945. Han rapporterte om tyske konvoiar og flåterørsler i skipsleia på Møre-kysten. Stasjonen vart etablert på Torholmen nord for Ålesund. Agenten hadde fått hjelp av folk på Torholmen og Roald på Vigra.

Frå 19. februar, til Rønneberg vart henta ut av shetlandsgjengen sin båt «Vigra» den 5. mars 1945, sende han frå Godøy.[2][3]

Erling Rønneberg returnerte etter få veker. 14.april var han i gang med sendingar frå radiostasjonen Turid ved Vartdalsfjorden. Etter seks dagar der vart han arrestert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ulstein, Ragnar (1992). Etterretningstjenesten i Norge 1940-45. Cappelen. s. 183. ISBN 8202138221. 
  2. En spion kom inn fra havet. Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie. 2014
  3. Haga, Arnfinn (1980). Kystens partisaner: den hemmelige militære nordsjøtrafikk 1943-45. Cappelen. ISBN 8202046599.