Radiostasjonen Turid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Turid var ein radiostasjon for Secret Intelligence Service (SIS) på Sunnmøre under andre verdskrigen. Han var plassert i fjellet oppom Rjåneset i noverande Ørsta kommune. Stasjonen var i drift berre seks dagar.

SIS hadde i siste del av krigen radiostasjonar på Nordvestlandet, som sende rapportar til England om skiptrafikken langs skipsleia. Særleg var informasjon om sørgåande trafikk av interesse. Skipa kunne då angripast av engelske fly på det opne Stadhavet.

Etter at Erling Rønneberg måtte avslutte sendingane frå radiostasjonen HagaTorholmen, vart han henta til England. Her vart det bestemt at han så snart råd skulle vende tilbake til Sunnmøre for å etablere observasjonspost og radiostasjonen i Vartdalsfjella. Rønneberg fekk med seg Karsten Devold tilbake til Noreg. Forseinkingar skapte problem som etter kvart gjorde oppdraget vanskeleg. Med god lokal hjelp vart stasjonen gøymd i ei fjellhole over Rjåneset, mellom Ørstafjorden og Vartdalsfjorden. Han vart plassert, i vanskeleg terreng, nær Rjåneskamben, i om lag 250 m.o.h. Dei hadde då oversikt over same fjordane som observasjonspost og radiostasjon Frey II hadde rapportert frå i tidsromet april 1944 til januar 1945.

Første melding frå radiostasjon Turid til England, vart send 14. april. Den 19. april vart ein viktig medhjelpar arrestert i Ålesund. Han hadde avslørande papir på seg. Det lukkast ikkje å åtvare Rønneberg eller medhjelparane på Vartdal. Ein av dei lokale medhjelparane vart arrestert. Han trudde at karane ved sendaren hadde kome seg unna. Under harde avhør vart stasjonen avslørt. Om morgonen 20. april tok tyske soldatar seg fram til hola der operatørane låg. Dei vart arresterte. Rønneberg fekk store skotskadar. Han overlevde den strabasiøse turen til Ålesund. Der vart han halden fanga på sjukehuset til krigen var slutt.[1] Karsten Devold vart òg arrestert.

Av dei lokale hjelparane vart Knut Flåskjer arrestert og torturert. Han sat som fange i Ålesund til krigen var slutt. Sverre Flåskjer kom seg unna. Han heldt seg i dekning til krigsslutt, for det meste til fjells. Han fekk hjelp av tredjemann, Jostein Kleiva, som ikkje vart avslørt.[2]

Staden der stasjonen var plassert, har etter krigen vorte kalla Rønneberghola.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. En spion kom inn fra havet. Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie. 2014
  2. Kjell Flåskjer: Sverre Flåskjer på flukt for tyskerane i vartdalsfjella. I Minne frå Vartdalsstranda. Årsskrift 2021