Radioteatret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Fjeldstad, Jan Pande-Rolfsen, Grete Nordrå og Alf Prøysen ved Radioteatret i 1959.
I Radioteatret sitt studio på NRK Marienlyst finst ei trapp med tre ulike overflater. Dei ulike overflatene kan nyttast for å laga ulike lydeffektar.

Radioteateret var ei eining i NRK si kulturavdeling som produserte høyrespel for barn og vaksne. Ho blei oppretta i 1926 og nedlagd i 2021.[1][2]

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Radioteateret produserte både klassisk og moderne drama, krim og underhaldning. Fram til 2010 blei det òg produsert høyrespel for Lørdagsbarnetimen. I 2021 blei radiosendingane avslutta, men ein skulle framleis leggja ut produksjonar på podkast.[3]

Avdelinga har hatt ei rekke kjende medarbeidarar, mellom anna Nils Nordberg som regissør og tilretteleggjar av kriminaldrama. Ei lang rekkje norske skodespelarar har opptredd ved teateret.

Til saman hadde Radioteatret opp mot 100 000 lyttarar på dei dramatiske produksjonane sine i 2008, medan endå fleire følgde krimsendingane.[4]

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Med lisens til å sende: Dramatiske øyeblikk». NRK Fakta. 2008. 
  2. «Nå er Radioteatret på NRK historie. Dette kommer isteden.» (på norsk bokmål). Henta 10. mars 2021. 
  3. NTB (10. mars 2021). «Radioteatret på NRK legges ned etter 95 år» (på norsk). Henta 10. mars 2021. 
  4. «Noe kommer til å dø». Dagbladet. 21. september 2008. s. 49. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]