Radka Toneff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Radka Toneff
Radka Toneff.jpg
Radka Toneff live 1982 i Bergen.
Fødd25. juni 1952
FødestadOslo
Død21. oktober 1982
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1971–1982
Sjangerjazz
Instrumentvokal
PlateselskapCurling Legs, EmArcy
Verka somsongar, jazzmusikar
PrisarSpellemannprisen for årets popsolist, Buddyprisen, Spellemannprisen i jazz

Radka Toneff (25. juni 195221. oktober 1982) var ein norsk jazzmusikar og komponist. Frå 1975 til 1980 var mellom anna Arild Andersen og Jon Eberson med i kvintetten Radka Toneff Quintet. I 1977 vann Radka Toneff Spellemannprisen i klassen vokalist for plata Winter Poem. I 1980 deltok ho i Melodi Grand Prix der ho framførte songen «Parken» av Ole Paus.

Under Spellemannprisen 1993 vann ho prisen i klassen jazz for Live in Hamburg, som vart utgjeven posthumt, 11 år etter at Toneff døydde.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Toneff vart fødd i Oslo som dotter av den bulgarske folkesongaren Toni Toneff og Lilly-Ann Drivenes.[1] Ho voks opp på Lambertseter i Oslo og på Kolbotn. Seint på 1960-talet blei ho del av musikkmiljøet rundt Club 7.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Radka Toneffs Minnefond blei oppretta til minne om henne,[1] og står bak utdelinga av Radka Toneff Minnepris.

Toneff er minna i diktet «Der bjørketreet stod» av Jan Erik Vold.[1]

Plata Fairytales vart kåra til «tidenes norske plate» av 100 norske musikarar på oppdrag fra Morgenbladet (2011).[2][3]

Plater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Radka Toneff i Norsk biografisk leksikon
  2. «Elitens røst». morgenbladet.no (bokmål). 10. november 2011. Henta 25. juli 2018. 
  3. «Morgenbladet topp 100». morgenbladet.no (bokmål). Henta 25. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]