Raet nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raet nasjonalpark
nasjonalpark
Arendal Tromøy Spornes b.JPG
Land Flag of Norway.svg Norge
Fylke Aust-Agder
Kommunar Arendal, Grimstad, Tvedestrand
Areal 607 km²
 - land km²
 - vatn 599 km²
Oppretta 16. desember 2016
Raet nasjonalpark

Raet nasjonalpark er ein nasjonalpark i kommunane Arendal, Tvedestrand og Grimstad i Aust-Agder fylke. Parken vart oppretta 16.desember 2016 for å verne eit stort naturområde i sjø og på land.[1] Området består av eit variert kystlandskap og interessante økosystem med stort artsmangfald og godt bevarte kvartærgeologiske lokalitetar med stor naturhistorisk verdi.

Nasjonalparken utgjer om lag 607 km², derav 599 km² i sjø. Han strekker seg frå Lyngør i Tvedestrand kommune i nordaust til Valøyene i Grimstad kommune i sørvest. I Arendal omfattar nasjonalparken heile kyststripa til kommunen, og mesteparten av landarealet i nasjonalparken ligg her på øyane Tromøy og Merdø.

Raet landskapsvernområde og ei rekke naturreservat vart innlemma i nasjonalparken ved opprettinga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Raet nasjonalpark kongelig resolusjon vedtatt 16.12.16