Rafał Brzozowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rafał Brzozowski

Fødd8. juni 1981 (42 år)
FødestadWarszawa
AliasBrzoza
OpphavPolen
Aktiv2002–
Sjangerpop
Instrumenttangentinstrument, vokal
Verka somsongar, programleiar, brytar

Rafał Brzozowski (fødd 8. juni 1981) er ein polsk songar, tv-programleiar og tidigere brytar. Han var ein av programleiarane for Junior Eurovision Song Contest 2020 i Warszawa, og han har leia program som The Name of the Tune og den polske versjonen av Lykkehjulet. Brzozowski vart vald ut til å representere Polen i Eurovision Song Contest 2021 med songen «The Ride».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Brzozowski starta sin musikalske karriere i 2012, då han deltok i den polske utgåva av The Voice. Kort tid etter slapp han debutsingelen «Tak blisko» (så nært), og han følgde opp med debutalbumet med same namn. I 2014 kom oppfølgjaralbumet Mój czas (min tid).[1] Parallelt med musikkarrieren har han etablert seg som programleiar for underhaldningsprogram på polsk fjernsyn. Han var blant anna programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2020, som vart sendt frå Warszawa.[2]

I 2021 vedtok den polske allmennkringkastaren Telewizja Polska at Brzozowski skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Songen hans «The Ride» kom med i den andre semifinalen torsdag 20. mai.[1]

Dei to største lidenskapane til Brzozowski er idrett og luftfart. Han vann ein bronsemedalje i bryting i den polske akademimeisterskapen. Han er privatflygar og jobbar for å ta flysertifikat i luftakrobatikk.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Tak blisko
  • 2014 – Mój czas
  • 2014 – Na święta
  • 2015 – Borysewicz & Brzozowski (med Jan Borysewicz)
  • 2016 – Moje serce to jest muzyk, czyli polskie standardy

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – «Tak blisko»
  • 2012 – «Katrina» (feat. Liber)
  • 2012 – «Gdy śliczna Panna»
  • 2013 – «Za mały świat»
  • 2013 – «Nie mam nic»
  • 2013 – «Za chwilę przyjdą święta»
  • 2014 – «Magiczne słowa»
  • 2014 – «Świat jest nasz»
  • 2014 – «Linia czasu»
  • 2015 – «Kto»
  • 2015 – «Jeden tydzień»
  • 2015 – «Słowa na otarcie łez» (med Jan Borysewicz)
  • 2016 – «Zaczekaj – tyle kłamstw co prawd»
  • 2017 – «Sky Over Europe»
  • 2017 – «Już wiem»
  • 2020 – «Gentleman»
  • 2021 – «The Ride»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «RAFAŁ takes 'The Ride' to Rotterdam» (på engelsk). 12. mars 2021. Henta 12. mars 2021. 
  2. «Rafal confirmed as Poland's act for Eurovision 2021 with "The Ride"» (på engelsk). 12. mars 2021. Henta 12. mars 2021.