Rafail Levitskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rafail Levitskij
Levitsky by Repin.jpg
Fødenamn Рафаил Сергеевич Левицкий
Fødd 1847
St. Petersburg
Død

1940 (93 år)
St. Petersburg

Yrke fotograf, kunstmålar
Sjanger historiemåleri, fotografi
Far Sergej Levitskij
Rafail Levitskij på Commons

Rafail (eller Rafael) Sergejevitsj Levitskij (18471940) var ein russisk kunstnar innan sjangermåleri, romantisk og impresjonistisk kunst. Han var ein aktiv deltakar i Peredvizjniki-rørsla. Levitskij var òg ein akta fotograf og kunstprofessor.

Levitskij var fødd inn i ein velståande familie. Han var gift med Anna Vasilevna Olsufevsky. Han var fetter av Aleksandr Herzen (1812–1870), ein framståande skribent og leiande offentleg figur; og son av Sergej Lvovitsj Levitsij (1819–1898), ein av grunnleggjarane av fotografiet i Russland som er mest kjend portretta sine av Romanovfamilien. Han var ein ven av forfattaren Lev Tolstoj (1828–1910) som kom på besøk og budde hos han og ektefellen ved fleire høve.

Breva hans til kunstnarvenen Vasilij Polenov (1844–1927) er ei personleg forteljing om mange av nøkkelfigurane som stilte ut russisk kunst i deira samtid.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Levitskij byrja kunststudiane sine ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg i 1866, med friplass. Medan han studerte der, var han direkte underlagt Pavel Petrovitsj Tsjistjakov (1832–1919) saman med klassekameratar som blant anna inkluderte Vasilij Polenov og Ilja Repin. Det er allment akseptert at Tsjistjakov sine pedagogiske metodar kombinert med dei beste tradisjonane ved akademiet og røynsla med ei direkte oppfatting av naturen leidde til utviklinga av realismen i russisk kunst.

Levitskij mottok medaljar for kunsten sin – 2 sølv i 1867 og ei mindre og to store æresvisingar i 1872. I 1877 fekk han rang som «Klassisk kunstnar av tredje grad».

Lærar[endre | endre wikiteksten]

Rafail Sergejevitsj Levitskij var professor i teikning og porselensmåling ved Det keisarlege samfunnet til ære for visuell kunst frå 1884 til skulen blei nedlagd i 1914.

Karrieren hans er dokumentert i ein rapport skriven på oppmoding av Nikolaj Makarenko ved skulen og publisert i St. Petersburg i 1914.

Peredvizjniki-rørsla[endre | endre wikiteksten]

'Brua i skogen', måla mellom 1885 og 1896.
Villa og porthus i Trieste (1907)

Rafail Levitskij blei med i Peredvizjniki-rørsla i 1880. Dette var ei samling russiske realist-målarar som søkte å koma bort frå den akademiske formalismen ved det dominerande kunstsenteret i Russland, St. Petersburgs kunstakademi. Gruppa arrangerte vandeutstillingar i fleire byar. Levitskij stilte ut med Peredvizjniki-gruppa i perioden 1880-1894.

Den kunstnariske karrieren hans tok han over heile Russland. Etter opninga av Rostov Museum med Kyrkjeantikvitetar i 1883 dukkar namnet hans opp på besøkslista to gonger. Besøkslista startar i 1886. Dette museet var eit kulturelt sentrum for gammal russisk arkitektur, kyrkje- og folkekunst og Levitskij vitja det i 1900 og 1904.

Eit måleri av interiøret i Forløysarkyrkja funne i Kreml i Rostov blei måla av Levitskij i 1904 og er i dag stilt ut ved Tretjakovgalleriet i Moskva. I 1885, 1896 og 1907 reiste han til Italia der han målte sjangermåleri og impresjonistiske scener en plein air. I november 1914 dokumenterte han ei scene der russiske styrkar kjempa i den schlesiske offensiven i fyrste verdskrigen.

I dag er han enno rangert som ein av dei store russiske kunstnarane av Kunstnarsamskipnaden i Russland.

Venskap[endre | endre wikiteksten]

Gjennom heile livet heldt Levitskij på det gode venskapet sitt med «vandrarvenen» Vasilij Polenov. Polenov sine friske fargar kombinert med den kunstnariske fullføringa av komposisjonen påverka i stor grad Levitsij sine eigne landskapsmåleri både når det gjeld målestil og handsaming.

Før Levitskij gifta seg budde og arbeidde han saman med Polenov i ein loftsleilegheit hjå familien Olsufevskij i Devitsje Pole («Jomfrugata»). Huset er foreviga av Polenov i teikninga «Bestemors hage» (1878).

Det var medan han budde her at Levitskij skulle møta og seinare gifta seg med Anna Vasilevna Olsufevskij. Han skulle òg møta Leo Tolstoj og bli god ven med den verdskjende forfattaren. Han kom til å diskutera Tolstoj sine teoriar om kunst og dei personlege forbindelsane sine til kunsten og dei samtidige kunstnarane. Til slutt skulle han koma til å måla eit portrett av Tolstoj i 1896.

Frå februar til mars 1896, og frå februar til mars 1897, vitja Leo Tolstoj Rafail Levitskij og kona hans på Nikholskoje, eigedommen til Olsufevskyfamilien nær Moskva. Ein gong var han to veker hjå dei og ein annan gong varte besøket ein heil månad.

Under eit av desse besøk inviterte Levitskij Tolstoj inn i arbeidsrommet sitt og diskuterte spørsmålet om å kunna få måla portrettet hans. Seansen fann stad i andre etasje på Nikholskoje. Levitskij skal ha teikna ståande ved staffeliet sitt og valde å laga ei skisse av den høgre profilen til Tolstoj. For å gjera poseringa lettare blei det leste høgt frå ein Senkevitsj-roman. Økta varte i ein og ein halv time. Med løyve frå Tolstoj blei det laga ei gravering av den endelege teikninga og trykka blei selte i butikkar over heile Russland.

Levitskij var ven av kunstnaren Ilja Repin, som òg var ein av «vandrarane» frå Peredvizjniki-rørsla. Repin laga ei skisse av han og målte portrettet hans i 1878. I 1920 donerte Repin dette verket og eit utval av andre arbeid til nasjonalgalleriet i Finland. Biletet er i dag permanent utstilt i Ateneum i Helsingfors.

Fotografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Levitskij var Sergej Lvovitsj Levitskij (1819-1898) som er rekna som grunnleggjaren av russisk fotografi. Han er kjend for fotoportretta han tok av fire generasjonar av Romanovane og legendariske personlegdomar som inkluderte europeiske kongelege, den amerikanske presidenten Millard Fillmore (1800–1874) og ein serie med berømte kunstnarar og forfattarar, blant dei Lev Tolstoj.

Etter at faren døydde tok Levitskij over firmaet og heldt fram tradisjonen med studiofotografering av kjende personar, som blant anna Tsjajkovskij og storhertug Mikhail Aleksandrovitsj Romanov, den yngre broren til tsar Nikolaj II. Levitskij tok òg opp tradisjonen med å ta bilete av russiske skodespelarar. Levitskijstudioet var verksamt fram til det blei stengt av sovjetarane i 1914.

I museum og samlingar[endre | endre wikiteksten]

Den russiske silesiske offensiven (1914). No ved Di Rocco Wieler Private Collection i Toronto

Det er individuelle arbeid av Levitskij i Nekrasov leilegheitsuseum i St. Petersburg, Stavropol regionale kunstmuseum, Det tsjuvanske statlege kunstuseet og i Tretjakovgalleriet i Moskva.

I dag er den største samlinga av Rafail Levitskijs verk i Di Rocco Wieler Private Collection i Toronto i Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Burova G. K, Gaponov O. I, Rumjantseva V. F. Association of Mobile Art Exhibitions: in 2 т. М, Art, 1952-1959
  • Tchernyshev E.A., V.D.Polenov's Memorial Estate. the Catalogue. Л, 1964
  • Mosenzov G. N., Catalogue: Painting. Sculpture. Drawing. – Omsk, 1941
  • Spiridonov A.N., Catalogue Omsk гос. Museum of Fine Art si: Painting, Drawing, and Sculpture. – Omsk, 1955
  • Omsk Region. Museum of Fine Art si: Рус. дорев. Art: Painting, Drawing, teatr.-dekorats. Art, a sculpture. Кат. – Л, 1986
  • Guidebook to Dashkovsky meeting of image sin of Russian figures. – m. 1882. (Mosk. публ. And Rumjantsev. Museum sitt)
  • Makarenko Nickolay, Report written by request of the Committee of Imperial Society of Honouring Visual Art si, published Saint Petersburg, 1914.
  • Tolstoy Lev Nikolaevich, Volume 84, Letter #seg written to S.A. Tolstoy 1887-1910, complete works; letter written January 1895.
  • Kim E.V., I.A. Shljakov and an Art Life in Rostov (I. 1880-1890th) Books of Visitors of the Rostov Museum of Church Antiquities.
  • Strunsky Rose, translated Journal of Lev Nikolaevich Tolstoy translation -1917.