Raffaëla Paton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raffaëla Paton
Raffaëla.JPG
Fødd1. juni 1983
FødestadAmsterdam i Nederland
FødenamnRaffaëla Paton
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2006–i dag
SjangerPop, R&B og dance
PlateselskapSony BMG
Verka somSongar

Raffaëla Paton (fødd 1. juni 1983 i Amsterdam) er ein nederlandsk songar og vinnaren av Idols i 2006. Ho har òg delteke i den nasjonale uttakinga til Nederland i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, Nationaal Songfestival 2012, med songen «Chocolatte».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Paton flytta til Assen då ha var liten. Mor hennar var ein kjend songar i Surinam. Tanta hennar er Ruth Jacott, òg ein kjend songar som representerte Nederland i Eurovision Song Contest 1993 i Millstreet i Irland. Før Raffaëla deltok i Idols, arbeiddet ho på ein restaurant i Emmen.

11. mars 2006 var ein stor dag for Raffaëla; Finalen i Idols 2006, den nederlandske versjonen av den britiske serien Pop Idol. Paton vann Idols med 58 % av dei totale røystene, og slo favoritten Floortje Smit. Etter programmet rapporterte RTL 4, kanalen som kringkasta Idols, at Floortje hadde vunne, heilt til Paton song «Right Here, Right Now (My Heart Belongs to You)», som skulle verte debutsingelen til vinnaren.

21. april 2006 vart debutalbumet Raffaëla gjeve ut. Albumet innehaldt 12 songar ho song under Idols, i tillegg til to nye songar, og debuterte på #1 på Dutch Album Top 100.

24. august 2006 fekk Paton si fyrste dotter, Beautiful Hope.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]