Ragna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runestein i Södermanland søraust i Sverige. På steinen står det: rakna * raisti * stain * þansi * at * suin * buta * sit * auk * sifa * auk * r-knburk * at * sit * faþur * kuþ * hil[b]i * at * [hat]s * uit * iak * þet * uaR * sui- * uestr * miþ * kuti. (Ragna reiste denne steinen etter Sveinn, mannen sin, og Sæfa og Ragnbjørg etter far sin. Gud hjelpe sjela hans. Eg veit at Sveinn var i vest med Gautr/Knútr).

Ragna er eit kvinnenamn kjend frå norrøn tid. Det kan enten vera den kvinnelege forma av det gamle nordiske mannsnamnet Ragnar, eller ei kortform av lengre kvinnenamn som byrjar på Ragn-. Det har difor truleg tydinga råd eller guderåd.

Ragna har namnedag 25. mai i Noreg og 1. oktober i Sverige.

Mellom 1880 og 1905 blei over 1 % av nyfødde jenter gjevne dette namnet, men bruken gjekk kraftig ned deretter, og er blitt lite vanleg. Ved byrjinga av 2009 var det 1 818 norske kvinner som heitte Ragna, mot 2 068 i 2006 og 2 265 i 2004.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Oppdikta personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]