Ragna Rytter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragna Sofie Rytter (fødd 26. juli 1885 i Verdalen, død 7. januar 1972) var ein norsk poet og kulturpersonlegdom. Ho var mellom anna engasjert i målsak, fråhaldssak og innan handarbeid.

Saman med mellom anna Martin Tranmæl var ho med og skipa Losje Medalhus, eit lokallag for IOGT. Seinare var ho redaktør for IOGT sitt blad Solveg frå 1932 til 1954.

I 1919 tok ho eksamen ved Levanger lærerskole.

Rgana Rytter var ein pådrivar for å skipe folkehøgskulen TrøndertunGimse i Melhus. Seinare vart dette hennar arbeidsplass til ho gjekk av med pensjon i 1950.

Ho tok initiativet til, og var formann i, Trøndelag handarbeidslærerinnelag, og var mellom dei som sette saman trønderbunaden for menn.

Rytter skreiv fleire diktsamlingar der den første var på riksmål og dei som kom etter opphaldet på folkehøgskulen på Voss i 1913 var på landsmål. Ho skreiv òg historiske bøker som slektsboka Ryrrer-ætta frå 1600-1950 (1956) og biografien Elisabeth Edland i 1957. I Norsk Salmebok er ho representert med ein salme.

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Fjeldets sange - og andre digte (1910)
  • Arbeid og Draum (1915)
  • Strid og Song (1921)
  • Songane mine (1928)
  • Dagen og draumen (1932)
  • Austanfor alt (1943)
  • Vers langs vegen (1959)
  • Dei hundre foll (1965)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]