Ragnar Ericzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Ericzon


Statsborgarskap Sverige
Fødd 5. juni 1926
Vikmanshyttan
Død

5. mars 2010 (83 år)
Örebro

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1950

Ragnar Sven Ericzon (5. juni 19265. mars 2010) var ein svensk spjutkastar frå Hedemora.

Ericzon vann bronsemedaljen i spjutkasting ved EM i friidrett 1950 i Brussel med eit bestekast på 69,82 meter. Ei veke etter EM-finalen, den 3. september, sette han personbeste med 73,93 meter ved eit stemne i Örebro, årsbeste i verda. Også i 1951 og 1952 høyrde han til verdseliten i øvinga. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki enda han på sjuandeplass med 69,04 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]