Ragnar Forbech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar Forbech
Fødd 23. juli 1894
Christiania
Død

28. desember 1975
Oslo

Yrke prest, teolog

Ragnar Forbech (fødd 23. juli 1894 i Kristiania, daud 28. desember 1975 i Oslo) var prest i Den norske kyrkja.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ragnar Forbech fekk den første forsamlinga si i Vestre Fredrikstad kyrkje 28. juni 1919. I 1921 gifta han seg med Ruth Christensen. Dei fekk to barn. Opphaldet i Fredrikstad varte i sju år, og han vart òg viseformann i Ungdomssamskipnaden til Indremisjonen.

I 1925 vart han valt inn i bystyret og formannskapet i Fredrikstad på ei liste som vart kalla «Avholdsfolkets og de kristelige organisasjoners fellesliste».[1] Han var formann for Oslo Indremisjon (no Kirkens Bymisjon) frå 1927 til 1941.[2]

Han vart seinare prest i Tøyen kirke i Oslo, og i 1932 fekk han stillinga som forstandar ved Menighetssøsterhjemmet i Oslo. 1947 vart han tilsett som residerande kapellan ved Oslo domkyrkje. Han vart verande i stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1964.[3]

På byrjinga av 1950-talet var Forbech medlem av den kommunistiske fredsorganisasjonen Fredens forkjempere i Norge. I 1953 vart han valt som representant til organisasjonen til det kommunistiske Verdensfredsrådet, som var den internasjonale moorganisasjon til Fredens forkjempere i Norge. Forbechs innsats i desse organisasjonane fekk Haakon Lie til å omtala han som «det skiltet kommunistene viser fram, når de skal vise at deres fredspropaganda er arbeid for freden».[4] Samstundes var han medlem av den pasifistiske fredsorganisasjonen International Fellowship of Reconciliation si norske avdeling, Kristent fredslag, der han var formann fram til 1964. Han vart nestformann i Norges Kristne Arbeidares Forbund i 1948.[5]. At han aldri vart formann, skulda at han ikkje melde seg inn i Arbeidarpartiet.[6] Lovane til forbundet kravde nemleg at leiaren i forbundet skulle vera partimedlem.

Då den radikale presten og fredsforkjemparen i 1955 mottok og aksepterte den sovjetiske Stalins fredspris («Stalinprisen»), vart dette møtt med sterk kritikk i Noreg frå fleire hald, ikkje minst i kyrkja.[3] Seinare biskop Per Lønning skreiv ein stor artikkel i Morgenposten under tittelen «La prisen fare» der han i sterke ordelag oppfordra Forbech til å seie frå seg prisen.[1] Forbech hadde vore medlem av bymisjonens representantskap sidan han gjekk av som formann i 1941, men vart uønska der etter at han hadde teke i mot prisen.[2] Han fekk lite eller inga støtte frå arbeidarrørsla. Prisen var på 180 000 norske 1955-kroner, eit formidabelt beløp på den tida. Forbech brukte endel av pengane til å tilsette Berge Furre som sekretær i Kristent fredslag, og gav òg støtte til Furre si universitetsutdanning.[7]

Som prest var han ein etterspurt sjelesørgar og brann for å spreia evangeliet. I meir enn 20 år var han fast «laurdagspredikant» ved Friluftsmøta til frelsesarmeenStortorget i Oslo kvar laurdag kveld klokka 22 i sommarhalvåret.

I 1967 gav han ut sjølvbiografien Prest på allfarvei – og utenfor.[1].

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Prest på allfarvei – og utenfor (1967) – sjølvbiografi
  • Kristus og krigen (1952)
  • Det verden trenger i dag : 3 radioandakter (1949)
  • Samfunnet og veldedigheten (1946) – Artikkel i Bymissionæren : ugentlig organ for «Foreningen for indre mission i Kristiania»
  • Omkring Tøien småkirkemenighets 25 års jubileum (1932)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Forbech, Ragnar. Prest på allfarvei - og utenfor. [Oslo]: Lutherstiftelsen. s. 35. 
  2. 2,0 2,1 Lundby, Knut (1948-). Mellom vekkelse og velferd: bymisjon i opp- og nedgangstider. Oslo: Land og kirke/Gyldendal. s. 188. ISBN 8205121192. 
  3. 3,0 3,1 Ragnar Forbech i Norsk biografisk leksikon
  4. Lie, Haakon (1905-2009). De kommunistiske dekkorganisasjonene ; Dagbladet og Kaderpartiet. Oslo: Fram forl. s. 13. 
  5. Bastiansen, Alf Bjørnskau. Norges kristne arbeideres forbund 1939-1959: en 20-års oversikt. Oslo. s. 4. 
  6. «Ragnar Forbech», Norsk biografisk leksikon.
  7. Rossavik, Frank. SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Spartacus. s. 17. ISBN 978-82-430-0495-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]