Ragnar Grimsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Grimsrud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1902
Drammen kommune
Død

11. desember 1988 (86 år)

Yrke keramikar
Ragnar Grimsrud på Commons

Ragnar Grimsrud (12. september 190211. desember 1988) [1] var ein norsk keramikar og formgjevar. Han var fødd i Drammen og utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo 19241925.

I åra 19251928 dreiv han eigen keramikkverkstad på Minnesund. I 1928 vart han tilsett ved keramikkavdelinga ved Graverens Teglverk i Sandnes, og der arbeidde også kona hans, Elsa Grimsrud, som den første dekormålaren ved fabrikken. Han var leiar av keramikkavdelinga mesteparten av tida han var ved Graverens og han vart der fram til 1946, med eit opphald på eit par år rundt 1933 då han arbeidde på Egersund Fayancefabrik.

I 1946 vart han tilsett som disponent ved AS Figgjo Kraftselskap (seinare kalla Figgjo Fajanse og Figgjo AS) i Sandnes i samband med at produksjonen der skulle leggjast om frå keramikk til fajanse/flintgods.

Gretekoppar i blått og grønt frå Figgjo AS

Ragnar Grimsrud formgav der dei fleste servisemodellane oppover heile 1950- og 1960-talet, mellom anna dei velkjende servisa Sissel og Grete og 1000-serien (som er brukt til mellom anna Astrid, Lotte og Smørblomst) og storhushaldningsmodellen 35-serien som han formgav i 1961 og som enno i dag (2005) vert produsert.

Figgjo Fajanse og Stavangerflint fusjonerte i 1968 vart Ragnar Grimsrud kunstnarleg leiar og produktutviklingssjef for begge fabrikkane. Ragnar Grimsrud vart ved Figgjo AS til han gjekk av med pensjon i 1973.

Han er representert mellom anna ved desse samlingane:[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]