Ragnar Nicolaysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Nicolaysen

Fødd9. september 1902
Død7. april 1986
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, fysiolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Norske Videnskaps-Akademi

Ragnar Nicolaysen (9. september 19027. april 1986) var ein norsk ernæringsforskar frå Oslo. I 1950-åra fann han at metta feitt førte til ein auke i hjarte-kar-sjukdomar.

Etter examen artium 1920 i Kristiansund og cand.med. i 1928 vart Nicolaysen dr.med. i 1935 på ei avhandling om korleis tarmen til ein hund suger opp kalsium. Frå 194o arbeidde han som professor i ernæringsforskning ved Universitetet i Oslo til 1972. Nicolaysen starta Biokjemisk Institutt i 1955, og ved Nordisk husholdshøgskole etablerte han i 1967 ei eiga linje for ernæring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]