Ragnar Nordby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar Nordby
Fødd 1. mai 1906
Stokke
Død

1978

Ragnar Asbjørn Nordby (1. mai 190628. mars 1978) var ein norsk husflidsmann frå Stokke i Vestfold.

Frå unge år samla Nordby kunnskap om folkekunst, handverk og samarbeidsformer i det gamle bondesamfunnet rundt om i Vestfold. Han granska både det ferdige arbeidet og arbeidsmåtane nøye, noko som mellom anna resulterte i at han forma ein vestfoldbunad i 1932. Etter han vart cand.philol. i 1934, arbeidde han som lektor i tida 1935-47. Åra 1947-54 var han kontorsjef i Landbruksdepartementet. Frå 1954 var han disponent i Den Norske Husflidsforening, der han gjorde viktig innsats for også samisk husflid.

Nordby var i studietida formann i Studentmållaget. Seinare var han både formann og sekretær i Landsnemnda for bunadsspørsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]