Hopp til innhald

Ragnar Standal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Standal
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd24. september 1928
Ytre-Standal i Hjørundfjord
Død

14. august 2013 (84 år)
Sæbø i Ørsta

BustadYtre-Standal
YrkeLærar, lokalhistorikar, museumsarbeidar, kulturformidlar
PrisarØrsta kommunes kulturpris (1993)
Kongens fortenestmedalje i sølv (2003)

Ragnar Standal (24. september 192814. august 2013) var ein norsk lokalhistorikar, lærar og kulturformidlar. Han vert rekna som ein av dei fremste kjennarane av historie og kulturtradisjonar på Sunnmøre.

Bakgrunn og utdanning

[endre | endre wikiteksten]

Standal var fødd på Ytre Bakkane på Ytre-Standal og voks opp i Hjørundfjorden. Han utvikla tidleg interesse for lokalhistorie og tradisjonar. Han tok lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, grunnfag i historie ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag i historie same stad i 1977.

Yrkeskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Lærargjerning

[endre | endre wikiteksten]

Standal starta karrieren som lærar i Fausadalen i Stranda (1951–1956). Deretter arbeidde han i Lyftingmo krins på Lesja (1956–1962), før han vart adjunkt ved Stryn ungdomsskule (1963–1975).[1]

Museum og kulturvern

[endre | endre wikiteksten]

I 1978–1984 var han styrar for Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga, delvis kombinert med undervisning ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda. Han var konservator ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane frå 1984 til 1986.[1]

Bygdebokforfattar

[endre | endre wikiteksten]

I 1986 vart Standal tilsett som bygdebokforfattar i Ørsta kommune, der han fullførte og supplerte bygdebokserien for den tidlegare Hjørundfjord kommune. Arbeidet bygde vidare på grunnlaget etter Lars Strømme og er kjend for å vere gjennomarbeidd og kjelderikt.

Han var òg medforfattar i fleire bind av Hjørundfjordboka, utgitt av Hjørundfjord bygdeboknemnd. Han har også vore mykje brukt som støtte for andre bygdebokforfattarar på Sunnmøre og har vore mykje sitert frå sitt arbeid jf. oppslag i Nasjonalbiblioteket.

Forsking og forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Standals hovudfagsoppgåve om utvandringa frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta vart omarbeidd og gitt ut som Mot nye heimland i 1985, ei 688 siders framstilling av utvandring og gjeninnvandring til bygdene fram til 1975.

Ferdselsvegar

[endre | endre wikiteksten]

I heftet frå 1995 Vegar før vegar 1 (farleier over fjell og bre i Nordfjord) og heftet frå 1996 Vegar før vegar var 2 (fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal) kartla han gamle ferdselsårer på nordvestlandet, over og inn i fjellbygdene austover.

Gardssoger

[endre | endre wikiteksten]

I 1966 utgav ha Ytre Standal: Gardssoge 1 - gardane ved sjøen og i 1967 Gardssoge 2 - gardane oppe i dalen : arbeisliv : folkeminne. som omhandla grenda der han vaks opp. Verdifulle oppslagsverk for alle etterkomarar i den vesle grenda.

Annotasjonsboka

[endre | endre wikiteksten]

Saman med Terje Aarset redigerte han Hans Strøms etterlatne Annotasjonsbok til Søndmørs Beskrivelse som kom ut i 1997.

Artiklar og hefte

[endre | endre wikiteksten]

Standal skreiv òg ei rekkje mindre publikasjonar om lokalhistoriske tema på Sunnmøre. Blant desse eit omfattande hefte om Hjørundfjord kyrkje 1880–1980.

Musikk og folkemusikk

[endre | endre wikiteksten]

Standal kom frå ei musikalsk slekt og samla folketonar frå heimbygdene. Han var ein dugande songar, og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har mange timar med opptak av han. Han var òg aktiv som kordirigent, mellom anna for Lesja songkor og Stryn damekor.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • Mot nye heimland: utvandringa frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta (1985) nb.no
  • Hjørundfjordboka (fleire bind, medforfattar) nb.no
  • Vegar før vegar var (hefte) nb.no, 2
  • Annotasjonsboka (red. saman med Terje Aarset, 1997) nb.no
  1. 1 2 3 «Ragnar Standal – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål), henta 2026-01-04
  • Lokalhistoriewiki: «Ragnar Standal»
  • Kirkhusmo, Anders 2008: Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU 1958–2008 s. 121.
  • Aarset, Terje 2013: Ragnar Standal (1928–2013), i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 35. Hjørundfjord sogelag s. 116–119.
  • Aarset, Terje 2013: Ragnar Standal – minneord, i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 35. Hjørundfjord sogelag s. 120–124.