Ragnar Thorseth
Ragnar Thorseth | |
Fødd | 17. februar 1948 (72 år) |
Yrke | skribent |
Ragnar Thorseth (fødd 17. februar 1948) er ein norsk eventyrar og forfattar frå Herøy på Sunnmøre.
Ragnar Thorseth vart kjend som eventyrar etter fleire dristige turar i mindre båtar. I 1969 rodde han som første mann åleine frå Noreg (Måløy) til Lerwick på Shetland. I det neste tiåret reiste han mellom anna Nordishavet rundt, over Atlanterhavet og gjennom Nordvestpassasjen. I 1982 var han med på ein snøskuterekspedisjon som gjekk over isen til Nordpolen. Målet vart nådd 29. april. I perioden 1984—1986 sigla han verda rundt med «Saga Siglar». På slutten av 1980-talet var han og familien ein vinter i isaudet i Kongsfjorden på Svalbard.
I 1989 starta han og kona Kari opp Håholmen Havstuer på Håholmen i Hustadvika.
Ragnar Thorseth har gitt ut bøker med tekst og bilete frå alle dei største ekspedisjonane.
Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]
- 24. juli—3. august 1969 - Ragnar Thorseth rodde frå Måløy til Lerwick på Shetland
- 1971 - Reiste Nordishavet rundt, om lag 6000 nautiske mil med den 32 fot lange «Santho»
- 1975 - Brukte fem månader over Atlanterhavet med «Cleng Peerson» langs leia nytta av dei første norrøne oppdagarane til Vinland, ein tur på 8500 nautiske mil som enda i New York i USA
- 1979—1980 - Passerte Nordvestpassasjen på same viset som Roald Amundsen i ein 20 fots båt
- 29. april 1982 - Nådde Nordpolen som del av den fyrste norske ekspedisjonen som tok seg fram over isen
- 1984—1986 - Sigla jorda rundt med vikingknarren «Saga Siglar»
- 1987—1988 - Overvintra saman med familien i Kongsfjorden på Svalbard i båten «Havella»
- 1991 - Thorseth var kaptein på gokstadskipkopien «GAIA» frå Noreg til New York i USA
- 2015 - Rodde og segla 67 år gamal sør langs kysten, over til Shetland og tilbake.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Alene over Nordsjøen - og eventyrferder i Nordishavet - 1979 (Nordvest informasjon)
- Med kurs for Nordvestpassasjen: 75 år etter Roald Amundsen - 1981 (Nordvest informasjon)
- Ferden mot Nordpolen - 1982 (Hjemmet)
- Forlis: Nord i isheimen - 1983 (Nordvest informasjon)
- Saga siglar: århundrets seilas jorda rundt - 1988 (Nordvest forlag)
- Familien i isødet: En vinter i Kongsfjorden på Svalbard - 1989 (Grøndahl)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Olav Lie Gundersen: Den siste viking - Ragnar Thorseths eventyrlige liv, Kagge Forlag ISBN 978-82-489-0984-2