Ragnar Ulstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Ulstein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1920
Ulstein kommune Sjå dette på Wikidata
Død

3. desember 2019 (99 år)

Yrke journalist, skribent, motstandskjempar
Politisk parti Venstre
Medlem av Kompani Linge
Prisar Den britiske militærmedaljen, Kongens fortenestmedalje, Haakon VIIs 70 års medalje, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Deltakarmedaljen, Forsvarets heiderskross, Hirschfeldtprisen

Ragnar Leif Ulstein (fødd 19. april 1920 i UlsteinSunnmøre, død 3. desember 2019) var ein norsk journalist og forfattar. Han tok eksamen artium i Volda i 1940. Under andre verdskrigen, i juni 1941, reiste han til Shetland i ein fiskebåt saman med 16 andre. Han var ein av dei første som kom med i Kompani Linge, tok befalsutdanning, og vart telegrafist. I desember 1941 var han med under landgangen i Reine i Lofoten. På slutten av krigen var han i Noreg som instruktør for Milorgstyrkane i Sogn og Fjordane.

Etter krigen var Ulstein velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden. Han var medforfattar til soga om Kompani Linge. Han var redaktør for Filmavisen. Seinare har han vore journalist i Bergens Tidende og i Sunnmørsposten.

Ragnar Ulstein skreiv fleire arbeidskrevjande bøker om tilhøva under krigen, mellom dei Englandsfarten, Svensketrafikken og Etterretningstjenesten i Norge 1940–1945. Han skreiv òg romanar med innhald frå verdskrigen.

Ulstein arbeidde òg for å forbetre kåra til krigsinvalide.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1972 vart Ragnar Ulstein utnemnd til Statsstipendiat

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1948: Kompani Linge I og II (saman med Erling Jensen og Per Ratvik)
  • 1961: Harpegjengen (roman)
  • 1964: Parade (roman)
  • 1965-1967|67: Englandsfarten
    • 1965 : Englandsfarten: I: Alarm i Ålesund
    • 1967: Englandsfarten: II: Søkelys mot Bergen
  • 1970: Samarbeid om samferdsel: Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1970
  • 1973: Pionertid: A/S Olivin 1948-1973
  • 1974-1977|77: Svensketrafikken
    • 1974: Svensketrafikken: I; Flyktningar til Sverige 1940-43
    • 1975: Svensketrafikken: II; Flyktingar til Sverige 1943-45
    • 1977: Svensketrafikken: III; Flyktngar frå Trøndelag og Nord-Norge
  • 1980: Småsamfunn i storkrig: Historia om Giske 1940-1945
  • 1982: By og land i 100 år: Sunnmørsposten 1882-1982
  • 1989-1992|92: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45
    • 1989: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: amatørenes år
    • 1990: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: Harde år
    • 1992: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: Nettet strammes
  • 1995: Jødar på flukt
  • 1999: Lagunen og stormen: Ulstein, bygd i Europa 1940-45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kjartan Rødland. «Ragnar Ulstein» i: Norsk biografisk leksikon
  • Bibliografien og utnemningar frå Wikipedia på bokmål (14. august 2011)