Ragnar Winther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar Winther
Fødd4. januar 1949
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
American Mathematical Society

Ragnar Winther (fødd 1949) er ein norsk matematikar og leiar av Senter for matematikk for anvendelser (CMA) ved Universitetet i Oslo.

Han tok hovudfag i matematikk i 1973 ved Universitetet i Oslo[1] og doktorgrad i 1977. Han vart professor i 1991. Winther har særleg forska på partielle differensiallikningar, numerisk analyse og informatikk. Saman med Aslak Tveito har han skrive ei innføringsbok i partielle differensiallikningar.[2]

I 2003 vart han leiar for senteret Mathematics for Applications som er eit av Norges forskningsråd sine Senter for fremragende forskning.

Winther er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og var frå 2004-2010 styreleiar for Abelfondet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ragnar Winther En kollokasjonsmetode for egenverdiproblemer Hovedoppgave i matematikk - Universitetet i Oslo, 1973
  2. Aslak Tveito, Ragnar Winther Introduction to partial differential equations : a computational approach ISBN 3-540-22551-x