Ragnarok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnarok av W.G. Collingwood (1908), etter eit motiv på Heysham-hogbacken.
Ragnarok med verda innhylla i flammar. Illustrasjon av Emil Doepler frå rundt 1905.

Ragnarok («lagnaden» eller «oppgjeret til gudane») er i den norrøne mytologien namnet på den store og siste kampen mellom æser og jotnar når verda går under.

Fimbulvinter[endre | endre wikiteksten]

Fyrst kjem den lange, kalde fimbulvinteren, tre år utan somrar. Dette skjer når ulvane som jager sola og månen endeleg tek dei att og sluker dei.

Krig og katastrofe[endre | endre wikiteksten]

Kampscene frå Gosforthkrossen som er blitt tolka som Vidar i kamp mot Fenre.
Odin slåst mot Fenre under Ragnarok. Illustrasjon av Lorenz Frølich frå 1895.
Tor og Midgardsormen døyr.

Naud og uår fører til fleire store krigar mellom menneska. Store jordskjelv gjer at dei som er blitt haldne fanga, som Loke og Fenresulven, kjem seg fri.

Tre hanar skal gala. Gullinkambi hjå æsene, Fjalar hjå jotnane , og ein rustraud hane utan namn i Helheimen. Det er signalet om at æser og jotnar, og dei to daudingehærane frå Åsgard og Helheim, skal møtast i kamp.

Midgardsormen byrjar å røre på seg og vil opp på land. Det vert flaum og oversvømming, og ormen spyr ut gift som forpestar luft og land. Skipet Naglfar kjem seg laust med jotnane om bord. Heimdall blæs i Gjallarhornet. Surt og eldalvane kjem inn frå Muspelheim, over brua Bifrost, som bryt saman.

Æsene og fiendane deira samlar seg på sletta Vigrid for å slost. Kvar av dei møter sin erkefiende, drep han og blir sjølv drepen: Tor mot Midgardsormen, Odin mot Fenresulven, Ty mot Garm, Frøy mot Surt, Loke mot Heimdall. Surt sender ut eld og lèt verda brenne.

Mest alle døyr i dei mange katastrofane. Yggdrasil og alt anna levende fell, men det skal vera starten på ei ny jord.

Etterpå[endre | endre wikiteksten]

Etter Ragnarok skal det av havet stiga opp ei ny jord, der åkrane veks utan å vera tilsådde. Liv og Livtrase er det einaste menneskeparet som bergar seg gjennom Ragnarok. Dei bergar seg i ei berghole med morgondogg til mat. Frå dei skal den nye menneskeslekta koma.

Gimle er den vakreste av alle salane og lysere enn sola. Han skal overleva Ragnarok. Der skal dei menneska som overlever Ragnarok samla seg. Gimle ligg i den tredje himmelen som heiter Vidblåin.

Nokre gudar vil overleva det store slaget: Dei to sønene til Odin, Vidar og Vale, bror hans Vile, Hønir (som kan vera eit anna namn for Vile), og Torssønane Magne og Mode. Balder og bror hans Hod, som døydde før gudestriden, vil koma tilbake frå dødsriket. Åsynjene er ikkje nemnd verken i dei som døyr eller dei som overlever, men det blir ymta om at dei vil overleva Ragnarok.

Av uhyra skal Nidhogg fortsatt vera i live og suga blod frå daudingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga om Ragnarok finst fyrst og fremst i eddakvada Voluspå og Vavtrudnesmál. I Snorre Sturlason si yngre Edda er det ei samla skildring. Hjå Snorre heiter det Ragnarøkk eller myrkret til gudane. Forteljinga om Ragnarok finst soleis i fleire versjonar, meir eller mindre inspirert av tankane om dommedag i kristendomen.

Inspirerte av Ragnarok[endre | endre wikiteksten]

Det store gudeslaget har inspirert kunstnarar i fleire tidsaldrar. Richard Wagner skreiv operaen Die Götterdämmerung, som på norsk går under namnet Ragnarok, i 1874. Ragnarok er fjerde delen av Nibelungenringen, eller Der Ring des Nibelungen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ragnarok