Ragnhild Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det var i myrkast vintertid
den sanne våren rann;
som grøne lauv i snøtung lid
Guds eige liv me fann.
No strøymer angen rein og fin;
Guds rose millom blomar skin
og dreg i livsens vår oss inn.

R. Foss' omsetjing av «In rosa vernat lilium» frå 1200-talet

Ragnhild Antonie Marie Foss (18831952) var ein norsk omsetjar og kontorist frå Sokndal i Rogaland. Bjarne Foss var bror hennar.

Ragnhild Foss var dotter til ein skulestyrar. Familien hennar flytta til hovudstaden straks etter ho vart vaksen, der ho i 1910 var kontorist. Ei tid var ho lærar på ein privatskule på Hadeland, frå 1916 til 1943 arbeidde ho i Storebrand. Ho reiste mykje omkring i Europa og Palestina, og skreiv i blad som Urd, Noreg og St. Olav.

I 1929 gjekk ho over til katolisismen. Best er ho kjend for omsetjingar av kyrkjeleg mellomalderdikting. Ho har omsett m.a. Latinske salmar og sekvensar (Det Norske Samlaget 1938) og Sekvensane i Misseale Nidarosiense (1949). I Lov Herren Katolsk salmebok er 28 av omsetjingane hennar tekne med, i Norsk Salmebok har ho omsett tre salmar.

Ragnhild Foss brukte i omsetjingane sine ei høgnorsk språkføring. Ho har testamentarisk forbode ei kvar språkleg omarbeiding av sine gjendiktingar av «latinske hymnor». Salmane er omsette med stor truskap mot innhald og form, og til skilnad frå mange andre norske omsetjarar, har ho ikkje forsøkt å føre songen over i evangelisk sfære.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]