Ragnhild Jølsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnhild Jølsen

Ragnhild Theodore Jølsen (28. mars 187528. januar 1908) var ein norsk forfattar. Ho var fødd og voks opp på storgarden Ekeberg i Enebakk, men flytta til Kristiania i 1889 då familien fekk vanskar med økonomien. Då var ho 14 år gamal. Ho tok timar i modellering, og ho gjekk på Hartvig Nissens skule. I 1896 flytta ho attende til Ekeberg i Enebakk og budde der med foreldra til mora døydde i 1903. Garden vart seld i 1904 og faren døydde i 1906. Ragnhild Jølsen var sterkt knytt til Enebakk. Med unnatak av ei stipendreise til Italia nokre månader i frå november 1906 til juli 1907, budde ho i Enebakk til ho døydde på nyåret i 1908. Båe foreldra sat inne med munnleg tradisjon, særleg mora, Pauline Jølsen. I modningsåra frå 1897-1903 samla ho tradisjonsstoff i heimettraktene. Dette fekk mykje å seia for diktinga hennar. I Brukshistorier (1907) er faren, Holm Jølsen, portrettert i brukseigaren Helle Holm.

Kontroversielle tema og symbolmetta språk[endre | endre wikiteksten]

Jølsens språk er rikt og velklingande, og tematikken er tidviss prega av dekadanse, i ætt med nyromantikken. Ragnhild Jølsen skildrar gjerne sterke kjensler og tek opp tema som var kontroversielle på den tid. I eit symbolmetta språk skriv ho om 'onde ting', og ofte står ei skuffa kvinne i sentrum for handlinga. Mennene er ikkje sjeldan svikefulle, meir eller mindre demoniske og med sterk erotisk utstråling. Det fanst dei som trudde at bøkene hennar var skrivne av ein mann.

Jølsen er ein av få norske forfattarar som har skrive ein såkalla gotisk roman, Rikka Gan. Det var den boka ho sjølv sette høgst. Det kom eit nytt kunstnarleg løft med Hollases Krønike (1906), ein studie i vondskap. Det mest kjende verket hennar er Brukshistorier (1907). Ragnhild Jølsen dreiv rovdrift på eigne krefter, og skreiv dei bøkene ho er kjend for i løpet av 5 år.

Tidleg død[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Jølsen var ein uvanleg gåverik forfattar, vakker og omsladra. Ho oppdaga verknaden av morfin då ho tok seg av den dødssjuke mor si. Den første biografen hennar, Antonie Tiberg, skriv at ho prøvde stoffet på seg sjølv av nyfikne. «Senere brukte hun av og til morfindråper, men var aldrig saa avhengig av giften at man kan kalde hende morfinist». (Sitert etter Christensen 1989, s. 80.) Antonie Tidberg har gjeve ei detaljert skildring av kva som hende då Ragnhild Jølsen døydde. På den tid budde ho saman med to eldre systrer, Dagny og Gudrun. Ho leid i blant av svevnløyse, og truleg var det eit uhell at ho fekk i seg for mykje av sovepulveret Kloral som var i bruk på den tid. Ikkje lenge etter at ho hadde fått i seg pulveret, fall ho om og døydde. I boka si om Ragnhild Jølsen prøver Kari Christensen å løyse nokre av gåtene som knyter seg til Ragnhild Jølsens liv, verk og tidlege død.

Jens Bjørneboe har skrive ein halvdokumentarisk roman som skildrar livet til Ragnhild Jølsen, Drømmen og hjulet, 1964.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Ve’s mor, 1903
  • Rikka Gan, 1904
  • Fernanda Mona, 1905
  • Hollases Krønike, 1906
  • Brukshistorier, 1907
  • Efterlatte arbeider, 1908

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hans E. Kinck 1908 «Ved Ragnhild Jølsens død», gjenopptrykt i Kinck 1982: Samlede essays I s. 232-34
  • Antonie Tiberg 1909: Ragnhild Jølsen i liv og digning
  • Willy Dahl 1975: Etterord ui utgave av Hollases krønike
  • Øivind Ribsskog 1976: Ragnhild Jølsens saga
  • Lorenz, Astrid 1981. Etterord i Rikka Gan
  • Kari Christensen 1989: Portrett på mørk treplate
  • Nordahl, Helge 1991:...Tre kyss for den ensomme fugl Syv essays om Ragnhild Jølsens diktning
  • Håkon Tysdal 2008: Fra Ign til Fontana di Trevi - en reise gjennom Ragnhild Jølsens siste leveår
  • Astrid Lorenz: http://www.snl.no/.nbl_biografi/Ragnhild_J%C3%B8lsen/utdypning

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]