Hopp til innhald

Ragnhild Jepsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Jepsen
StatsborgarskapNoreg
Fødd4. november 1969 (56 år)
Ål
Yrketeolog
Språknynorsk
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja

Ragnhild Jepsen (fødd 4. november 1969) er ein norsk teolog. I 2023 vart ho utnemnd til biskop i Bjørgvin bispedømme, som den første kvinna i dette embetet, 953 år etter at bispedømmet vart oppretta.

Jepsen er utdanna ved Menighetsfakultetet og vart ordinert som prest i Den norske kyrkja i 1997, i Ål kyrkje. Ho var kapellan i Åmot kyrkje i Hamar før ho kom til Nidarosdomen som kapellan i 2003. Tre år seinare vart ho sokneprest og i 2011 domprost i den same kyrkja.[1]

Ho brukar nynorsk både som forkynnar og formidlar. Ho vaks opp i Ål i Hallingdal, og er van med å snakke og skrive nynorsk.[2] I 2022 mottok ho Trønderlagets målpris, som den som gjorde mest for nynorsken i Trøndelag dette året. Laget grunngav tildelinga slik: «Trønderlaget grunngjev valet med at Jepsen viser gjennom både skrift og tale at nynorsk er eit språk som naturleg kan brukast i mange samanhengar.»[3]

Jepsen er opptatt av å gjere kyrkja relevant for flest mogeleg:[4]

« Me [sic] må vise at vi er relevante for folk og at vi har noko å kome med. I ei tid med krig og økonomisk krise er det viktig at vi som kyrkje snakkar til folk om dette, men vi må snakke sant og det må ha rot i kvardagen og i evangeliet. »

—Ragnhild Jepsen i intervju med avisa Hallingdølen.

  1. N.N. (4. mars 2023). «Fakta». Hallingdølen: 20.
  2. «Historisk ny biskop i Bjørgvin». Nynorsk Pressekontor. 3. april 2023. «- Det er ein del av kven eg er, så den er eg lojal mot. Eg er vakse opp i Ål i Hallingdal og der snakka og skreiv vi nynorsk, så det har vore målet mitt heile livet.»
  3. «Målpris til Ragnhild Jepsen». NRK. 29. januar 2022. Henta 8. mars 2023.
  4. «Første kvinne i Bjørgvin». Hallingdølen: 19. 4. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]