Ragnhild Kvarberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Kvarberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1981 (42 år)
Hamar kommune
Idrett friidrett

Ragnhild Kvarberg (fødd 23. mars 1981) er ein norsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Vang i Hedmark. Ho vann i tida 2001-10 sju norske meisterskapsgull på bane og to i terrengløp. Kvarberg var etter tur medlem i FIK Orion, FIK Ren-Eng og SK Vidar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kvarberg vart i 2001 noregsmeister på 1500 meter framom Gunhild Halle Haugen. Same sesongen prøvde ho seg i 3 000 meter hinder, ei øving ho persa med 10.15,3. I 2002 vann ho 2 km i noregsmeisterskapen i terrengløp, ein prestasjon ho gjentok i 2004. Under noregsmeisterskapen 2004 i Florø fekk sølv på 800 meter, før ho slo Ingvill Måkestad i spurten på 1500 m og tok gull på distansen.

Både i 2005 og 2006 vart Kvarberg dobbelt gullvinnar i noregsmeisterskapen, sterkast konkurranse hadde ho frå Susanne Wigene på 1500-meteren i 2006. Sommaren 2006 var Kvarberg i sitt livs form, men makta ikkje kvalifisere seg til finalen på 1500 m under EM i friidrett 2006, tida 4.12,8 heldt til 19. plass. To veker etter europameisterskapen, 27. august i ]Rieti, presterte ho personbeste med 4.07,1. Allereie fem dagar seinare sette ho personleg rekord på 800 meter med 2.03,83 ved eit stemne i Tyskland. Trass i ein heller svak 1500 meter og bronse i NM 2007, fekk Kvarberg delta i VM i friidrett 2007. Prestasjonen i noregsmeisterskapen var symptomatisk, i verdsmeisterskapen vart ho slått ut i kvalifiseringa med 30. beste tid, 4.21,2.

Sesongane 2008 og 2009 var Kvarberg skadeplaga. Ho kom tilbake på friidrettsbana i 2010 og vart norsk meister på 1500 m for femte gong. Etter å sprunge 5 000 meter på 15.46,9 i svenske Sollentuna 1. juli, valde ho å delta på halvmila i EM i friidrett 2010. Ved meisterskapen i Barcelona enda ho på 15. plass med tida 15.59,8. Etter 2010 deltok Kvarberg berre i turløp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]