Ragnvald Blix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnvald Blix

Pseudonym Stig Höök
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1882
Oslo
Død

2. mai 1958 (75 år)
København

Yrke illustratør, karikaturteiknar, teiknar
Far Elias Blix

Ragnvald Blix (12. september 18822. mai 1958) var ein norsk avis- og karikaturteiknar. Han er særleg kjend for sine antinazistiske teikningar frå 2. verdskrigen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ragnvald Blix vart fødd i Oslo, med foreldra Emma og Elias Blix. Han vart redaktør av skjemtebladet Tyrihans i 1901, medarbeidar i Simplicissimus i München mellom 1907 og 1918 og redigerte og teikna til det nordiske satiremagasinet Exlex i då det kom ut mellom 1919 til 1921. Han slo igjennom internasjonalt i Paris i 1905 med ein serie parodiar av kjende kunstverk i Louvre Le Voile tombe, samla utgjevne i 1908.

Under 2. verdskrigen leverte Ragnvald Blix anti-nazistiske teiknngar under signaturen Stig Höök i den svenske avisa Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning, der den liberale Torgny Segerstedt var redaktør. Mange av desse teikningane vart utgjevne i bøkene Stig Höök 1942–44 (1944) og De fem årene (1945) og vart kjende og kjære i Noreg etter krigen. Ragnvald Blix teikna seinare til fleire nordiske aviser, mellom anna det norske Dagbladet, der han med bitande ironi kommenterte samtidas politiske hendingar i ein rask og presis strek og med eit nært samspell mellom tekst og teikning.

Ragnvald Blix er kanskje mest kjend for teikninga «Til audiens hos Hitler» der Vidkun Quisling vitjar føraren i Berlin. Quisling strekkjer ut armen til nazihilsen og seier: «Jeg er Quisling». Dørvakten spør: «Og navnet?». Teikninga stod på trykk 29. januar 1944 og bidrog til at namnet Quisling vart ei internasjonal nemning for ein landsforrædar.

Blix var gift med danske Ida Louise Christine Witzke (1901-1990). Ragnvald Blix døydde i København i 1958. Då Ida Blix døydde i 1990 oppretta ho eit minnefond og ein kunstpris, Blixprisen, gjennom testamentet sitt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ragnvald & Ida Blix' Fond», Ragnvald & Ida Blix' Fond (på engelsk), henta 25. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]