Rago nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rago nasjonalpark
nasjonalpark
Lost in the wilderness (Rago) - panoramio.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Sørfold
Høgaste punkt Ragotoppen
 - høgd 1 312 moh
Areal 171 km²
Oppretta 22. januar 1971
Wikimedia Commons: Rago National Park
Rago nasjonalpark

Rago nasjonalpark er ein liten nasjonalpark som saman med dei svenske nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfallet utgjer eit verneområde på til saman 5 400 km².

Rago nasjonalpark vart oppretta i 1971 og omfattar areal i Sørfold kommune i Nordland fylke.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med parken er å verne eit representativt urørt nordlandsk fjellandskap med egenarta dyreliv i grenseområdet mot den svenske nasjonalparken Padjelanta.

Den naturlege innfartsåra for fotturistar er frå Lakshola via Storskogdalen til Storskogvatnet. Det er eit lite nettverk av merka stier egna for fjellvandring. To små ubetjente hytter er opne for vandrarar.

Det er fin aure og røye i fleire av vatna i Rago, og det er mogleg å jakte småvilt i nasjonalparken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]