Rai Radio 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rai Radio 1

Skipa1924
HovudkontorRoma
VerkeområdeItalia
EigarskapRAI
Nettstadhttp://www.raiplaysound.it/radio1/ Sjå dette på Wikidata

Rai Radio 1 (Radio Uno) er ein italiensk radiokanal styrt av den offentlege kringkastingsorganisasjonen RAI og som tek for seg nyhende, sport, debatt og popmusikk.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Kanalen er den mest direkte etterkomaren av den fyrste italienske radiostasjonen som byrja å kringkaste frå Roma 6. oktober 1924. Stasjonen heitte 1-RO var eigd av den private forretninga Unione Radiofonica Italiana (URI). I 1927 vart forretninga ein del den offentlege Ente Italiano per le Audizioni Radiofoniche (EIAR) som vart også på denne tida den einaste autoriserte radiokringkastar i Italia.

Som ein del av gjenopperettings- og betringsprogrammet som følgde Den andre verdskrigen fekk EIAR eit nytt namn i 1944, Radio Audizioni Italiane (RAI). Radiokringkastinga i Italia vart omorganisert slik at to nasjonale kanalar skulle kunne dekkje mesteparten av landet. Den fyrste kanalen vart kalla Rete Rossa (raudt nettverk) medan den andre vart kalla Rete Azzurra (blå nettverk). Sjølv om kvar kanal hadde sin eigen stil vart desse «nøytrale» namna vart valde med tanken på å vise at begge hadde same mål om å nå dei fleste på same line.

Program[endre | endre wikiteksten]

Hovudprogramma som kanalen sender er blant anna Radio Anch'io og sportsrelaterte sendingar som direkte dekking av spela som Det italienske nasjonal fotballag deltek på. Kommentarar om Serie A og B-fotballspel er sende i direkte på Tutto il calcio minuto per minuto, ein av Radio 1 sine mest populære sendingar som har vore tilgjengeleg sidan 1960.

[endre | endre wikiteksten]

2000–2010 2010–2015 2015–2017 2017–noverande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]