Rainer Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rainer Schmidt


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. august 1948 (75 år)
Langewiesen
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1972 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1972 – Stor bakke

Rainer Schmidt (fødd 1. august 1948) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Langewiesen i Thüringen, som tevla for Aust-Tyskland. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1972/73, og fekk sølvmedaljen under VM i skiflyging 1975, samt ein bronsemedalje under vinter-OL 1972 i Sapporo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schmidt vart i januar 1970 nummer to i hoppvekerennet i Bischofshofen bakom Jiří Raška, samanlagt i hoppveka vart han nummer fem. Han vart også nummer to i Oberstdorf i romjula 1971. Under OL 1972 i Sapporo tok han bronsemedaljen i storbakken, 0,6 poeng bakom Wojciech Fortuna frå Polen som vann ein sensasjonell siger, og 0,5 poeng bak sølvvinnaren Walter Steiner frå Sveits.

Vinteren 1972/73 sigra Schmidt i opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf, framom to landsmenn. Schmidt vann også det neste rennet i hoppveka, nyårsrennet i Garmisch-Partenkirchen. Deretter vart han nummer to i Innsbruck, før han sikra sigeren i hoppveka med kontrollert hopping i Bischofshofen. Der vart han nummer tolv og vann dermed med ein rimeleg klar margin den tysk-austerrikske hoppveka, 16,4 poeng føre landsmannen Hans-Georg Aschenbach.

Etter hoppveketriumfen klarte Schmidt sjeldnare enn før å hoppe seg til pallplassar. Men i 1975 kom han noko overraskande på andreplassen i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf, berre slått av Karel Kodejška frå Tsjekkoslovakia.

Schmidt la vekk skihoppinga i 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]