Rainer Stenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rainer Stenius


Statsborgarskap Finland
Fødd 19. mars 1943
Helsingfors
Død

5. desember 2014 (71 år)
Esbo

Idrett friidrett

Rainer Konrad Stenius (19. mars 19432014) var ein finsk lengdehoppar frå Helsinki som vann sølvmedaljen i øvinga under EM i friidrett 1962 i Beograd. Han var finsk rekordhaldar i lengdehopp frå 1966 til 2005.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Stenius vart finsk meister i lengdehopp i 1962, 1965 og 1966. Under europameisterskapen 1962 i Beograd sette han personleg rekord med 7,85 m og vann sølv, landsmannen Pentti Eskola vann bronsen, han òg med 7,85 i sluttprotokollen. Einast favoritten Igor Ter-Ovanesjan frå Sovjetunionen stekte seg lengre enn dei to finlendarane. Stenius forbetra sitt personbeste til 7,89 m då han vann øvinga i eit stemne i Turku 14. juni 1963. Ut over i juni og juli månad 1965 flytta Stenius den personlege rekorden tre gongar, sist til 8,00 m i Salo. Den 7. august i Jyväskylä tangerte han så den finske lengderekorden til Eskola på 8,04 m, før han ei veke seinare i Helsinki hoppa 7,89 m og vart nordisk meister.

Den 6. mai 1966 sette Stenius nordisk rekord i Los Angeles med eit hopp på 8,16 meter. Prestasjonen vart verande finsk rekord inntil Tommi Evilä den 12. august 2005 landa på 8,18 m. Seinare i 1966-sesongen vart Stenius femtemann i lengdehopp ved Budapest-EM, der han som best nådde 7,68 m. Ein langvarig skade i hælsena (akillesen) gjorde at han la opp i 1967.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Stenius studerte i mange år i USA, fyrst ved University of San Francisco. I 1976 tok han ein doktorgrad i idrettsvitskap ved University of Oregon. Han arbeidde som trenar i USA like til 1992. Dei neste fem åra livnærte han seg som sportsfiskar i Costa Rica. I 1997 vende han heim til Finland der han på ny arbeidde som idrettstrenar.

Stenius døydde i Espoo hausten 2014. Han hadde lege død i sju veker då han vart funnen i heimen sin den 5. desember. Grava hans var utan stein til dess stavhopparen Risto Ankio og andre tidlegare landslagskollegaer kjøpte ein stein i 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]