Rainpower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rainpower ASA
Bransjevasskraft
Skipa2007
EigarArd Group AS
Dotterselskap
  • Rainpower Norge AS (Noreg)
  • Rainpower Technology AS (Noreg)
  • Rainpower Services AS (Noreg)
  • Hymatek Controls AS (Noreg)
  • Rainpower Hangzhou Technology Co. Ltd. (Kina)
  • Rainpower Kristinehamn AB (Sverige)
  • Rainpower Hydro Enerji ve Ticaret Limited Şirketi (Tyrkia)
  • Rainpower Peru S.A.C. (Peru)
  • Rainpower North America Inc. (Canada)
  • Rainpower Switzerland AG (Sveits)
HovudkontorKjeller
LandNoreg
Produktturbin, ventil, regulator
StyreleiarDiderik Børsting Schnitler
Tilsetteca. 300
Nettstadrainpower.no

Rainpower ASA er eit norsk selskap som utviklar, konstruerer, produserer og sel utstyr for generering av elektrisk energi frå vassenergi.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Rainpower ASA er eigd av Ard Group AS.

Stader med eiga verksemd[endre | endre wikiteksten]

Hovudkontoret er på Kjeller, nær Oslo. Andre stader med eiga verksemd er Bryn (Oslo), Trondheim (turbinlaboratoriet), og Sørumsand (verkstad). Verksemd utanfor Noreg er i Peru, Tyrkia og Kina.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Føretaket utviklar og testar nye nye francisturbinar, peltonturbinar, kaplanturbinar og reversible pumpeturbinar, lagring av overskotsenergi i vassreservoar. Det leverer òg småkraftanlegg, turbinregulatorar, oljetrykksanlegg, ventilregulatorar, magnetiseringsutstyr, ventilar, vassveg, røyr og andre produkt og tenester.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet går attende til 1853, då Kværner Brug AS vart skipa av Oluf A. Onsum. Seinare var det slege saman med Sørumsand Verksted. Kværner tok så over vassenergiverksemda til Nohab, KMW, Tampella og andre og voks snøgt. I 1999 kjøpte General Electric Company Kværners vassenergiverksemda og etablerte seg under namnet GE Hydro. I 2005 selde GE Hydro Sørumsand verkstad til NLI AS; to år seinare kjøpte dette selskapet heile den norske vasskraftverksemda frå GE, og etablerte Rainpower ASA.