Raised on Rock/For Ol' Times Sake
| Raised on Rock/For Ol' Times Sake Studioalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1. oktober 1973 | |
| Innspelt | 21.-24. juli 1973, Stax Studios i Memphis; 22.-23. september 1973 heime hos Elvis Presley i Palm Springs i California. | |
| Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues, funk, country | |
| Lengd | 27:28 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Produsent | Elvis Presley, Felton Jarvis | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| Elvis (1973) |
Raised on Rock/For Ol' Times Sake | Elvis: A Legendary Performer Volume 1 (1974)
|
Raised on Rock/For Ol' Times Sake[1] er eit studioalbum av Elvis Presley frå 1973. I lag med albumet Elvis, kom det ut etter den massive suksessen med Aloha From Hawaii (sjølv om heile albumet Elvis bestod av songar spelte inn før Aloha-showet). Albumet, som selde over ein million eksemplar verda over, vart spelt inn i Stax Studios i Memphis i Tennessee i juli 1973 og heime hos Presley i Palm Springs i California i september 1973. To songar frå desse innspelingane vart haldne att for albumet Good Times den neste våren. Dei første vokalspora vart spelte inn i juli 1973. «Raised on Rock» med B-sida «For Ol' Times Sake» var den einaste singelen frå albumet. Denne nådde 41. plassen på Billboard-lista og 42. plassen på countrylista i september 1973.[2]
Albumet var eit av få som ikkje gjekk inn på albumlista i Storbritannia, men singelen «Raised on Rock» / «For Ol' Times Sake» gjekk inn på den britiske lista. Some av songane er velkjende coverversjonar som «Are You Sincere», som hadde eksistert i mange år, men somme nye songar, som den første singelen, vart skriven for Presley, eller skriven av låtskrivarar han tidlegare hadde spelt songar av, som Mark James. Tittelsporet, «Raised on Rock,» har av historikarar som Roy Carr og Mick Farren i Elvis: The Illustrated Record blitt omtalt som ein merkeleg tekst, sidan Presley syng i første person om å vere eit barn som oppdagar rock and roll gjennom plater som «Johnny B. Goode», som kom samtidig med den tidlege karrieren til Presley.
I 1979 vart ein nedstrippa versjon av «Are You Sincere» gjeven ut på albumet Our Memories of Elvis og gjeven ut på singel. Denne nådde tiandeplassen på Billboard country-lista.[3] I 2007 vart Raised on Rock gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med to plater som inneheldt originalalbumet og mange alternative opptak.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalutgåve
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Raised on Rock» | Mark James | 23. juli 1973 | 2:40 |
| 2. | «Are You Sincere» | Wayne Walker | 23. september 1973 | 2:01 |
| 3. | «Find Out What's Happening» | Jerry Crutchfield | 23. juli 1973 | 2:31 |
| 4. | «I Miss You» | Donnie Sumner | 23. september 1973 | 2:14 |
| 5. | «Girl of Mine» | Les Reed, Barry Mason | 24. juli 1973 | 3:38 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «For Ol' Times Sake» | Tony Joe White | 23. juli 1973 | 3:37 |
| 2. | «If You Don't Come Back» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 21. juli 1973 | 2:31 |
| 3. | «Just a Little Bit» | Ralph Bass, Fats Washington, John Thornton, Piney Brown | 21. juli 1973 | 2:33 |
| 4. | «Sweet Angeline» | Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow | 25. juli 1973 | 3:02 |
| 5. | «Three Corn Patches» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 21. juli 1973 | 2:46 |
2007 Follow That Dream nyutgjeving
[endre | endre wikiteksten]| Plate 1 | Plate 2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Raised on Rock/For Ol' Times Sake» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Discogs, Elvis Presley – Raised On Rock / For Ol' Times Sake; includes photos of the original label, showing full title.
- ↑ Raised on Rock/For Ol' Times Sake på Allmusic
- ↑ Raised on Rock/For Ol' Times Sake på Allmusic
- ↑ Kjelder:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Arkivert frå originalen 13. mars 2019. Henta 27. januar 2015.
- «Raised on Rock». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Henta 27. januar 2015.[daud lenkje]
- ↑ «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2012. Henta 6. mars 2012.