Rak bishvilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rak bishvilo»
Eurovision Song Contest 2013
Land Israel
Artist(ar) Moran Mazor
Språk Hebraisk
Komponist(ar) Chen Harari
Låtskrivar(ar) Gal Sarig
Resultat
Israel i Eurovision Song Contest
«Time»
(2012)
«Rak bishvilo»

«Rak bishvilo» (hebraisk «רק בשבילו», hebraisk for Berre for han) var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på hebraisk av Moran Mazor. Songen er skriven av Chen Harari og Gal Sarig.

Kdam Eurovision 2013[endre | endre wikiteksten]

Rashùt Ha-Shidúr (IBA) valde ut 30 bidrag som fekk delta i Kdam Eurovision 2013, den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. «Rak bishvilo» av Moran Mazor vart tildelt ein plass i den tredje semifinalen.

Semifinale 3[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer ti, etter «Fantasia» av Julietta. Bidraget gjekk direkte vidare til finalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter «Toda La Noche» av Meital De Razon og Asi Tal og før «We Are Free» av Vladi Blayberg. Bidraget vann med 104 poeng, 64 poeng frå juryen og 40 poeng frå fjernsynssjåarane, og vil representere Israel i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Då «Rak bishvilo» vann Kdam Eurovision 2013 vart det klårt at songen vil representere Israel i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Av di Israel har nasjonal fridag 14. mai vart landet tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.[1]

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer ti, etter Hellas med «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis og før Armenia med «Lonely Planet» av Dorians.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tomorrow: Countries drawn into Semi-Finals in Malmö» (på engelsk). Eurovision.tv. 16. januar 2013. Henta 26. mars 2013. 

Mal:Israel songar i Eurovision Song Contest