Hopp til innhald

Rakel Wahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rakel Wahl
StatsborgarskapNoreg
Fødd18. mars 1921
Lier kommune
Død 14. desember 2005 (84 år)
Idrettlangrenn
Tok del i Vinter-OL 1952

Rakel Kristine Wahl (18. mars 192114. desember 2005) var ein norsk langrennar frå Lier i Buskerud. Ho var noregsmeister på 10 km i 1958 og 1959. Medlem i Spikkestad IF.

Wahl deltok i Vinter-OL 1952 og vart nummer 6 på 10 km. Det var fyrste gongen kvinner fekk delta i langrenn i ein internasjonal meisterskap. I Ski-VM 1954 vart ho nummer 21 i den individuelle tevlinga, før ho gjekk Noreg inn til fjerdeplass i 3 x 5 stafett. Under Vinter-OL 1956 kom ho på ellevteplass på 10 km, medan ho på stafetten fekk ein fjerdeplass, saman med Gina Regland og Kjellfrid Brusveen.

Etter to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i noregsmeisterskapane 1954-56, lukkast Wahl vinne gullmedaljen både Ski-NM 1958 i Oslo og Ski-NM 1959 i Porsgrunn.