Raketten Electron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Electron er ein 17 meter høg og 1,2 meter i diameter tostegsrakett utvikla av Rocket Lab. Han er meint å setja småsatellittar med ein masse på opp til 150 kilogram inn i solsynkron bane kring jorda. Han har ni Rutherford-motorar i fyrstesteget og éin i andresteget.[1][2]

Den fyrste heilt vellukka oppskytinga av ein Electron-rakett hende 21. januar 2018 norsk tid frå Mahia-halvøya og sette tre kubesatellittar inn i jordbane.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Electron - satellite launch vehicle». RocketLab. Henta 21. januar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Rocket Lab Electron reaches orbit on second launch». SpaceNews. Henta 21. januar 2018. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.