Rakettsilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den synlege delen av ein SS-4 Sandal rakettsilo in Plokštinės rakettbase, Litauen
Vedlikehaldsarbeid på ein Minuteman II i siloen
Ein Peacekeeper MX vert skoten ut frå silo

Ein rakettsilo er ein underjordisk, vertikalt plassert sylindrisk installasjon for oppbevaring av interkontinentale ballistiske missil (ICBM).

Fram til 1960-talet vart alle ICBM-ar skote ut frå overflatebasar, noko som gjorde våpena svært sårbare for bombeangrep. Storbritannia starta på 1950-talet eit prøveprosjekt med underjordiske rakettramper, men detta vart avvikla i 1960. Sjølv om det opphavlege prøveprosjektet var avslutta, var ideen om underjordiske rakettoppskytingsinstallasjoner fødd, og blei teken over av USA.

Noko av bakgrunnen for suksessen til rakettsiloane var overgangen frå superavkjølt til temperert drivstoff, som gjorde at rakettane kunne stå lagra med drivstoffet ombord. Den vidare overgangen til fast drivstoff bidrog i endå sterkare grad her.

Sidan 1960-talet har siloen vore det primære landbaserte rakettutskytningssystemet, men auka grannsemd i ulike system for tråleiknavigasjon førte utover 1970- og 1980-talet til at den store fordelen med underjordisk lagring er vorten noko redusert. USA har brukt store ressursar på å freista å utvikla erstatningar, men ingen av desse er sett i produksjon. Sovjetunionen/Russland og Kina har teke i bruk mobile ICBM-rampar.

I dei seinare åra har nedrusting og overgang til andre våpensystem medført at fleire rakettsiloanlegg er vorte nedlagt. I USA har enkelte av desse vorte selt til privatpersonar, som har brukt dei til ulike føremål. Mest spesielt kan kanskje seiast å vera tilfellet William Pickard, som vart dømd for å ha planlagt produksjon av massive mengder LSD i ein nedlagd silo i Kansas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]