Rakettskjold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Land med rakettskjold
Arrow 2 anti-ballistisk missil
Aegis Ballistic Missile Defense System.RIM-161 Standard Missile 3 anti-ballistic missile vert skote frå USS Shiloh, ein U.S. Navy Ticonderoga-class cruiser.
Phased Array Ballistic Missile Early Warning System at RAF Fylingdales

Rakettskjold er eit system, våpen eller teknologi som går ut på å oppdage eit missil som kjem mot eit område som skal forsvarast. Sidan skal systemet vera i stand til å fylje missilet si flukt eller bane gjennom verdsromet og lufta, og til slutt vera i stand til å øydeleggje det. I byrjinga var rakettskjoldet retta mot atomvåpen, som ICBM, men sidan vart det utvida til òg å gjelda ballistiske missil med kortare rekkevidde, og vanlege sprengladningar utan atomvåpen.[1][2][3][4].

Rakettskjoldet kan angripe fienden sitt missil i tre fasar[endre | endre wikiteksten]

Oppskytingsfasen[endre | endre wikiteksten]

  • Missilet vert skote ut frå silo eller transportkøyretøy ved bæreraketten sitt fyrste trinn
  • Etter eitt minutt vert andre trinn tend og første trinn vert droppa
  • Etter 2 minutt vert tredje trinn tend og andre trinn vert droppa
  • 3 minutt etter utskyting vert òg tredje trinn droppa, og berre satellitten eller PBV (Post-boost vehicle) held fram flukta.

Mogelege mottiltak i oppskytingsfasen[endre | endre wikiteksten]

Oppdaging av ei oppskyting er lett i denne fasen fordi store mengder heit eksos kjem ut frå bæreraketten, som er full av eksplosivt drivstoff, og er dessutan sårbart for kinetisk energi eller laserstrålar. Det er heller ikkje mogeleg å bruka narremål i denne fasen.
Dersom ein kjem nær nok i denne fasen, er det mogeleg å øydeleggja bæreraketten med anti-missil-missil eller sterke laserkanonar, helst frå fly i stor høgde. Ein har berre 3 minutt på seg til å gjera dette, og i dei aller fleste høve, er ein i eller nær territoriet til fienden.
Døme på at slike spesialvåpen finst, er det amerikanske laservåpenet på fly Boeing YAL-1, men dette prosjektet er mellombels kansellert. Nye russiske bererakettar har dessutan reflekterande overflate og ekstra isolasjon mot laserstrålar.

Flygefasen[endre | endre wikiteksten]

Satellitten (PBV) flyg til nærleiken av målet og førebur separasjon av det enkelte stridshovudet
PBV skyt ut det enkelte stridshovudet saman med narremål og metallstrimlar som forstyrrar radaren til eventuelle anti-missil-missil eller anna luftvern.

Mogelege mottiltak i flygefasen[endre | endre wikiteksten]

Tid til mottiltak I denne fasen er bedre enn i dei andre fasane. Ein ICBM kan bruke opptil 20 minutt dersom skyteavstanden er nær 10000 kilometer, og ein har òg ein lang distanse der mottiltaka kan settas inn. Dersom målet er eit hypersonisk glidefly, har ein sjølvsagt kortare tid.
Mottiltaka krev store antiballistiske missil med lang rekkevidde og sofistikerte, kraftige radarsystem i tillegg til verdsromsbaserte sensorar. Dessutan må ein handtera narremål. Døme på spesialvåpen her, er det amerikanske Ground-Based Midcourse Defense (GMD), kinesiske China mid-course anti-missile test og israelske Israeli Arrow 3 missile.

Terminalfasen[endre | endre wikiteksten]

Det enkelte stridshovudet kjem inn i atmosfæren i høg fart og atomladningen vert avsikra og førebur detonasjon.
Den kjernefysiske ladninga detonerer, anten i gjeven høgd over bakken eller ved kontakt med bakken.

Mogelege mottiltak i terminalfasen[endre | endre wikiteksten]

Her er det ikkje naudsynt med store anti-ballistiske missil med lang rekkevidde, og ein mindre og enklare radar greier seg. Det er òg slik at nokre av narremåla vert hengande etter dei rette måla, fordi dei i regelen har lettare vekt, og bremsar difor opp i atmosfæren.
Tida til å fange opp og å skyte ned missiler er derimot svært kort, gjerne mindre enn 30 sekund, og med hypersonisk glidefly er det enno ikkje teknisk mogeleg. Området er òg lite, slik at ein må prioritere dei viktigaste områda for slikt forsvar, og late andre vere lite beskytta. Dersom ein òg vil bruka sterke ladningar, jamvel atomladningar, i forsøk på å øydeleggje missila kan dette gjere meir skade enn nytte.

Døme på slike våpen er amerikanske Aegis Ballistic Missile Defense System[5], Sprint og MIM-104 Patriot og russiske ABM-3 Gazelle og S-300V.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Demonstration of integrated missile air defense system by June next year: Dr VK Saraswat». domain-b.com. 10 December 2007. Henta 21 November 2010. 
  2. name="dusrm_wizard">University of Michigan Wizard
  3. https://www.nrk.no/urix/slik-skal-usa-og-japan-forsvare-seg-mot-trusselen-fra-nord-korea-1.13364368

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]