Rakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
15-årig Elenska slivova rakia frå byen Elena i Bulgaria

Rakia, rakija eller raki er ein alkoholhaldig drikk som liknar brandy og blir framstilt gjennom destillasjon av gjæra frukter. Drikken er populær i Balkan, Tyrkia, tyskspråklege land, Ungarn, Italia og Frankrike. Alkoholinnhaldet er normalt 40 prosent, men heimelaga rakia kan vera sterkare, opptil 50–60 prosent. Prepečenica er dobbel-destillert, slavisk framstilt rakia, med eit alkoholinnhald som av og til overstig 60 prosent.

Rakia er rekna som nasjonaldrikk i dei slaviske og sørslaviske landa som Serbia, Montenegro, Slovenia, Slovakia, Bosnia og Hercegovina, Bulgaria, Makedonia og Kroatia. I Serbia og blant serbarar i Bosnia-Hercegovina og Kroatia er det vanleg at ein vinterstid drikk varm og søta rakija, denne drikken blir kalla vert kalla kuvana rakija ('tillaga rakija').[1]

I Albania og Kosovo lager ein raki rrushi (rakia/raki) av druer eller av krike (av og til av morbær). Plommer og druer til drikken blir av og til blanda med andre ingrediensar, som urter, honning, sure kirsebær og valnøtter etter ein destillasjon.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell destillasjon av rakija (plommebrennevin) i Međimurje (nordlege Kroatia).
Heimedestilleri i Darlevtsy, Bulgaria
Frukter i tidlegare Jugoslavia i Bulgaria
Vanlege typar
plomme (slivovitz) šljivovica, шљивовица,шљива сливова (slivova), сливовица (slivovica)
Vindruer lozovača/loza, лозова ракија/лозовача/лоза гроздова (grozdova)гроздовица (grozdovica)мускатова (muskatova) mrtina (med myrrh)анасонлийка (anasonliyka) (med anis)
Vindruesider (kom) * komovica, комова ракија/комовица джиброва (dzhibrova)джибровица (dzhibrovica)
aprikos mareličarka, kajsijevača, кајсијевача кайсиева (kajsieva)
pære kruškovača/vilijamovka, крушковача/виљамовка,крушка крушева (krusheva)
eple jabukovača, јабуковача ябълкова (jabylkova)
kvede dunjevača, дуњевача дюлева (djuleva)
fiken smokvovača, смоквача смокинова (smokinova)
Med tillegg
med roser - гюлова (gyulova)
med urter travarica, траварица/pala билкова (bilkova)
med valnøtter orahovača, ораховача/orahovica орехче (orehche)
med honning ** medovača, медовача/medenica, medica - veldig populær i Istrien - ein region i Kroatia греяна (grejana)
med kirsebær višnjevac/višnjevača, вишњевача вишновка (vishnovka)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kuvana Rakija». Opusteno.rs. Henta 8. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Rakia