Rakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knackers (1894) av William Strang.

Rakkar (av mellomnedertysk racken, ‘ein som feier’ eller ‘ein som fjerna noko ureinsleg’) viste i eldre tid til folk som hadde til arbeid å driva med renovasjon, flåing og partering av dyr eller handsaming av avretta menneske.[1][2] I seinare språkbruk kunne det visa til ein uheiderleg person, ein skurk eller mindre alvorleg til ein rampete person, som ein «rakkaraunge».[3]

Rakkarar kunne nytta kadaver som kjelde til nyttige råstoff og produkt, som feitt, lim, beinmjøl, salmiakk, såpe, salpeter, bleikemiddel og fôr. Dei siste, ubrukelege restane blei gravne ned eller brende. Alt dette arbeide var knytt til med ubehageleg lukt, og rakkarar var gjerne nøydde til å bu og arbeida på avstand frå andre menneske,[4] Arbeidet medførte også ein betydeleg helserisiko, til dømes gjennom mogleg smitte av miltbrann.

Sidan rakkarar var utstøytte, kunne forbrytarar, desertørar og liknande folk søka ly hjå dei. Rakkarar kunne også hjelpa bødlar, eller bøddelen kunne òg gjera teneste som rakkar.[5] Rakkarar gifta seg for det meste med barn av andre rakkarar, og mange av dei var difor i familie med kvarandre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]