Rallar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rallarar og sluskar var omflakkande anleggsarbeidarar som bygde ut jernbanar og anna i Noreg. Fotografiet viser arbeidslaget til Hans H. Kirketeigen i Kvam i Nord-Fron i juni 1896. Dovrebanen gjennom Gudbrandsdalen blei bygd på midten av 1890-åra, og skapte mange nye arbeidsplassar for husmenn.
Foto: Hans H. Lie (1867-1918)/Maihaugens fotoarkiv

Rallar eller raller er eit eldre ord for anleggsarbeidar, særleg lausarbeidarar ved bygging av jarnvegar og vasskraftverk. Ordet kom frå svensk rallare, som i sin tur kjem av dialektordet ralla, 'trillebår'. Grunnen til at det svenske ordet kom inn er at svært mange av dei som arbeidde på norske byggjeprosjekt var svenske. Rallare er ein svensk spelefilm frå 1947, som skildrar rallarlivet ved bygginga av Malmbanan mellom Narvik og Luleå. Rallarvegen ved Bergensbanen har namnet sitt frå rallarane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fra feisel og minebor» (om arbeid medbergverk, tunneler og jernbane), arkivert frå originalen 26. mai 2012, henta 17. april 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]